Veggisbloggen

Veggisbloggen

***

Mange skulle ønske dei spiste mindre kjøtt. Andre har lyst til å slutte heilt. Denne veggisbloggen er meint som inspirasjon til deg som lurer på korleis ein kan lage smakfulle og mettande rettar av grønsaker, linser, nøtter, ris, pasta, bønner. Kort sagt all mat som ikkje inneheld noko som tidlegare har breka, rauta, kykkelikya eller grynta. Selamat makan!

Veggisbloggen er medlem av Matbloggsentralen

Du finn også Veggisbloggen på Twitter, Bloglovin og Facebook

Har du spørsmål eller innspel, send e-post til veggisbloggen@gmail.com
Har du lyst til å kjøpe kokeboka "Matmisjonen - ekte mat fra ti bloggere" som Veggisbloggen er med i? Klikk her

Scones og te

Brødbakst og co.Posted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 20 Oct, 2012 14:31
Heimbakst er alltid godt. Det luktar godt. Det smakar godt. Det får meg til å smile. I helgane brukar vi av og til å lage scones til frukost. Det tek ikkje meir enn 20 til 25 minuttar å lage dei, og dei smakar supert med eit godt lag smør, litt syltetøy og ein kopp te til.


250 gram kveitemjøl

1 dl vatn

1 dl mjølk

2 ts bakepulver

30 gram smør

1/2 teskei salt

* Sett ovnen på 200 grader.

* Ha mjøl, salt og bakepulver i ein bolle.

* Skjer smøret i terningar og kna det inn i mjølet.

* Ha mjølk og vatn i eit målebeger.

* Ha i nesten all væska i mjølblandinga.

* Bland forsiktig inn.

* Ta i siste skvetten med mjølk og vatn dersom deigen treng det.

(Her er det viktig at du ikkje eltar for mykje for då blir bakverket tungt og hardt.)

* Dryss mjøl på benken.

* Trykk deigen flat med fingrane.

* Ta fram ein kopp og dypp det i mjølposen slik at mjølet sitt fast rundt kanten.

* Stikk ut sirklar med koppen.

* Legg sirklane på ei bakeplate.

* Skjer eit kryss på toppen av sirklane utan å skjere heilt gjennom.

* Pensl sirklane med mjølk.

* La dei steike i ca. ti minuttar eller til dei er gyldne.

  • Comments(0)

Fill in only if you are not real





The following XHTML tags are allowed: <b>, <br/>, <em>, <i>, <strong>, <u>. CSS styles and Javascript are not permitted.