Veggisbloggen

Veggisbloggen

***

Mange skulle ønske dei spiste mindre kjøtt. Andre har lyst til å slutte heilt. Denne veggisbloggen er meint som inspirasjon til deg som lurer på korleis ein kan lage smakfulle og mettande rettar av grønsaker, linser, nøtter, ris, pasta, bønner. Kort sagt all mat som ikkje inneheld noko som tidlegare har breka, rauta, kykkelikya eller grynta. Selamat makan!

Veggisbloggen er medlem av Matbloggsentralen

Du finn også Veggisbloggen på Twitter, Bloglovin og Facebook

Har du spørsmål eller innspel, send e-post til veggisbloggen@gmail.com
Har du lyst til å kjøpe kokeboka "Matmisjonen - ekte mat fra ti bloggere" som Veggisbloggen er med i? Klikk her

Søtt og saftig graskarbrød

Brødbakst og co.Posted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 07 Oct, 2012 18:36
Oktober er definitivt sesongen for graskar. Eg har allereie graskarsuppe og graskarbollar på bloggen, men i dag laga eg eit søtt og saftig graskarbrød. Eigentleg er det litt juks å kalle det brød. Det er meir som ei slags kake. Graskarbrødet smakar nydeleg med eit godt lag til smør på, akkopagnert av eit glas kald mjølk. Herleg kveldsmat om du har lyst til å vere litt usunn, eller super som kaffimat. I denne oppskrifta har eg brukt sylta graskar i ingefærlake, men kokt graskar fungerer sikkert også fint.


2 koppar mjøl

1 kopp sukker

1 teskei bakepulver

1 teskei kanel

1 teskei kardemomme

1/2 teskei salt


2 koppar kokt eller sylta graskar

2 egg

1/2 kopp olje

1/2 kopp vatn

1/2 kopp valnøtter

* Ta av skalet og skjer graskaret i bitar.

* Kok det til det er mørt.

* Bruk eventuelt sylta graskar.

* Sett ovnen på 180 grader.

* Bland saman alt det tørre ei ein bolle.

* Mos graskaret i foodprosessor eller med ein potetmosar (ein slik du lagar potetmos med).

* Bland graskar, egg, olje og vatn i ein annan bolle.

* Hakk nøttene og bland dei inn i graskarblandinga.

* Bland det tørre og det våte forsiktig saman til du får ei deig.

* Smør ei lita brødform.

* Ha deigen i brødforma.

* Steik det i cirka 45 minuttar.¨

* Dekk over med bakepapir dersom der er på veg til å brenne seg.

* Sjekk at brødet er gjennomsteikt.

* Ha det ut av ovnen og ut av brødforma og over på ei rist.

* Servér ferskt med eit godt lag smør på.

  • Comments(0)

Fill in only if you are not real





The following XHTML tags are allowed: <b>, <br/>, <em>, <i>, <strong>, <u>. CSS styles and Javascript are not permitted.