Veggisbloggen

Veggisbloggen

***

Mange skulle ønske dei spiste mindre kjøtt. Andre har lyst til å slutte heilt. Denne veggisbloggen er meint som inspirasjon til deg som lurer på korleis ein kan lage smakfulle og mettande rettar av grønsaker, linser, nøtter, ris, pasta, bønner. Kort sagt all mat som ikkje inneheld noko som tidlegare har breka, rauta, kykkelikya eller grynta. Selamat makan!

Veggisbloggen er medlem av Matbloggsentralen

Du finn også Veggisbloggen på Twitter, Bloglovin og Facebook

Har du spørsmål eller innspel, send e-post til veggisbloggen@gmail.com
Har du lyst til å kjøpe kokeboka "Matmisjonen - ekte mat fra ti bloggere" som Veggisbloggen er med i? Klikk her

Grove eplemuffins

Brødbakst og co.Posted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 10 Nov, 2012 12:56
Norske epler smakar herleg, og heldigvis er dei framleis i sesong. I dag brukte eg eple i nokre saftige muffins av den grove sorten. Slike grove muffins smakar supert som lunsj i helga eller kanskje som kveldskos på ein mørk og trist kvardag. Kombinasjonen havregryn, peanøttsmør, eple, banan, kanel og rosiner viste seg å vere kjempegod og smakar ypperleg med aprikosmarmelade eller berre godt med smør på toppen.

Til ca. 8 store muffins

1 kopp kveitemjøl

1 kopp sammalt grovt kveitemjøl

1/2 kopp havregryn

2 teskeier bakepulver

3 teskeier kanel

1/ 2 teskei salt

2 små norske epler

1 banan

1/2 kopp blautlagte rosiner

2 egg

1 kopp mjølk

1 teskei peanøtter

1 spiseskei valnøttolje eller anna vegetabilsk olje

* Sett ovnen på 180 grader.

* Kok opp vatn.

* Legg rosinene i det varme vatnet.

* Bland saman mjøl, havregryn, kanel, bakepulver og salt.

* Bland saman mjølk, egg og peanøttsmør i ein anna bolle, visp det saman med gaffel eller miksar.

* Skrell epla og kutt dei i bitar.

* Skjer opp bananen.

* Hell av vatnet frå rosinene.

* Bland eple, banan og rosiner i mjølblandinga.

* Tilsett mjølkeblandinga.

* Ha i oljen.

* Bland saman røra.

* Fordel blandinga i muffinsformer.

* Steik muffinsane i om lag 20-25 minutt, alt etter kor store dei er.

* Prikk gjerne med tannpirkar eller kakepinne for å sjå om dei ei gjennomsteikte.

* La de avkjøle på ei rist.

* Servér med smør og syltetøy.

  • Comments(1)//veggis.samaraga.com/#post127