Veggisbloggen

Veggisbloggen

***

Mange skulle ønske dei spiste mindre kjøtt. Andre har lyst til å slutte heilt. Denne veggisbloggen er meint som inspirasjon til deg som lurer på korleis ein kan lage smakfulle og mettande rettar av grønsaker, linser, nøtter, ris, pasta, bønner. Kort sagt all mat som ikkje inneheld noko som tidlegare har breka, rauta, kykkelikya eller grynta. Selamat makan!

Veggisbloggen er medlem av Matbloggsentralen

Du finn også Veggisbloggen på Twitter, Bloglovin og Facebook

Har du spørsmål eller innspel, send e-post til veggisbloggen@gmail.com
Har du lyst til å kjøpe kokeboka "Matmisjonen - ekte mat fra ti bloggere" som Veggisbloggen er med i? Klikk her

Ferske vårrullar med chilipeanøttsaus

Thai og vietnamesiskPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 27 Oct, 2012 18:16
Du har sikkert smakt friterte vårrullar, men har du smakt ferske? Vårrullar som ikkje er steikt i olje egnar seg veldig godt som forrett eller som ein herleg helgelunsj. Skjer grønsakene i så tynne skiver som mogleg, då er det lettast å forme vårrullane.



Til risnudlane:

1 gulrot

1/2 squash

1/2 purre

5 cm fersk ingefær

ein handfull ferske bønnespirer

1 egg


100 gram risnudlar

8 stk rispapir til vårrullar

Til sausen:

1 teskei peanøttsmør

1/2 teskei sambal oelek (malaysisk chilisaus)

1 fedd kvitlauk, kuttta smått

1 spiseskei vatn

1 spiseskei sojasaus

1 teskei sukker


* Legg risnudlane i varmt vatn i ca. 30 minuttar.

* Legg bønnespirene i kokande vatn i fem minuttar.

* Kutt opp grønsakene i tynne strimlar.

* Kutt ingefær så smått som du kan.

* Varm ei panne på middels varme med litt olje.

* Lag eggerøre av egget (Tilsett gjerne ei spiseskei vatn og litt salt.)

* La eggerøra avkjøle og skjer den i striper.

* Legg eit og eit rispapir i ei djup skål med kokvarmt vatn i ca. 20 sekund.

* Legg rispapiret på ei fjøl og legg grønnsaksfyll, ingefær og risnudlar i midten.

* Fold kanten over fyllet, fold inn sidene og rull den saman så stramt som mogleg.

* Gjenta same prosedyre med resten.

* Legg dei på ein tallerken med eit fuktig kjøkkenhåndkle over heilt til du skal spise dei.

* Hakk opp kvitlauken og bland saman ingrediensane til sausen i ei skål.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post123