Veggisbloggen

Veggisbloggen

***

Mange skulle ønske dei spiste mindre kjøtt. Andre har lyst til å slutte heilt. Denne veggisbloggen er meint som inspirasjon til deg som lurer på korleis ein kan lage smakfulle og mettande rettar av grønsaker, linser, nøtter, ris, pasta, bønner. Kort sagt all mat som ikkje inneheld noko som tidlegare har breka, rauta, kykkelikya eller grynta. Selamat makan!

Veggisbloggen er medlem av Matbloggsentralen

Du finn også Veggisbloggen på Twitter, Bloglovin og Facebook

Har du spørsmål eller innspel, send e-post til veggisbloggen@gmail.com
Har du lyst til å kjøpe kokeboka "Matmisjonen - ekte mat fra ti bloggere" som Veggisbloggen er med i? Klikk her

Thaiblomkålsuppe med kokosmjølk og søtpotet

Thai og vietnamesiskPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 29 Sep, 2012 19:20
Blomkål er ei flott grønsak, men altfor ofte endar blomkålen opp i ei daff blomkålsuppe utan særleg smak. Det blomkål verkeleg bør brukast til, er krydra rettar med indisk eller thailandsk snert. I denne suppa har eg brukt søtpotet, currypaste, kokosmjølk og relativt mykje chili.



1 lauk

3 fedd kvitlauk

5 cm ingefær

2 søtpoteter

1 raud chili

1 teskei grøn currypaste


1 glas vatn

1 blomkål

100 gram haricots verts/brekkbønner

2 boksar kokosmjølk

2 spiseskeier sojasaus

1 spiseskei sukker

1/2 lime

salt

* Skjer opp lauk, kvitlauk, ingefær, søtpotet og chili.

* Steik det i en panne med litt olje på middels varme i ca. fem minuttar.

* Tilsett currypaste og kokosmjølk.

* La det putre til søtpotetbitane blir møre.

* Bland suppa i foodprosessor til du får ei jevn blanding.

* Skjer opp blomkålen i små bukettar.

* Hell suppa tilbake i panna.

* Tilsett blomkål, brekkbønner og vatn.

* Bland inn sukker, salt, lime og sojasaus.

* Smak på sausen og tilsett eventuelt litt meir salt eller sojasaus.

* La suppa putre til blomkålen er mør.

  • Comments(2)//veggis.samaraga.com/#post116