Veggisbloggen

Veggisbloggen

***

Mange skulle ønske dei spiste mindre kjøtt. Andre har lyst til å slutte heilt. Denne veggisbloggen er meint som inspirasjon til deg som lurer på korleis ein kan lage smakfulle og mettande rettar av grønsaker, linser, nøtter, ris, pasta, bønner. Kort sagt all mat som ikkje inneheld noko som tidlegare har breka, rauta, kykkelikya eller grynta. Selamat makan!

Veggisbloggen er medlem av Matbloggsentralen

Du finn også Veggisbloggen på Twitter, Bloglovin og Facebook

Har du spørsmål eller innspel, send e-post til veggisbloggen@gmail.com
Har du lyst til å kjøpe kokeboka "Matmisjonen - ekte mat fra ti bloggere" som Veggisbloggen er med i? Klikk her

Matmisjonen er ute!

MatmisjonenPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 23 Sep, 2012 20:32
På torsdag kunne vi endeleg feire at kokeboka "Matmisjonen - ekte mat fra til bloggere" no er ei ekte bok! På lanseringsfesten på Gaasa i Oslo vart det mellom anna servert Tingvoll-ost, vin frå Non Dos, nydeleg brød + to supper. Den eine var mi squash- og potetsuppe som du også kan finne i kokeboka.


Hanne har gjort ein fabelaktig jobb med kokeboka og eg er ikkje i tvil om at Matmisjonen kjem til å spre masse matglede!

Kokeboka er å finne i bokhandlarar landet over frå i morgon av. Det blir også moglegheit for å bestille den her gjennom bloggen min i løpet av neste veke. Mer info om dette kjem snart.


  • Comments(1)//veggis.samaraga.com/#post114

Graskarbollar med koriander og kanel

I pannaPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 16 Sep, 2012 11:43
Det er september og sesong for graskar. Denne vakre grønsaken egnar seg som kjent veldig godt til suppe og til den kjende retten "pumpkin pie", men det finnst også eit hav av andre moglegheiter. I den vakre kokeboka "Veggiestan" er der ei oppskrift på Mr. Haddad's pumpkin kibbeh. Det er ein klassikar frå Midtausten som opprinneleg hadde lam og kveitemjøl, men blir i dag laga i ulike vegetariske variantar. Hovudingrediensane i denne kibbeh-oppskrifta er graskar, bulghur og kikertmjøl og resultatet blir saftige ballar som lignar litt på falafel. Kjempegodt!

1 mellomstort graskar

1 kopp bulgur

ca. 4 koppar kikertmjøl

salt

peppar

solsikkeolje


Til fyllet:

1 lauk

2 stilkar stangselleri

2 teskeier koriander

2 teskier kanel

5 cm fersk ingefær

salt

pepar


Tilbehør:

cherrytomatar

salat

agurk

dressing eller olje


sennep

* Skjer opp graskaret i bitar.

* Kok det til det er mørt.

* La det avkjøle.

* Kok bulghur som vist på pakken.

* Ta halvparten av bulguren og bland den inn saman med graskarbitane.

* Mos det til ein graut.

* Tilsett salt, pepar og kikertmjøl.

* Bland inn kikertmjøl til du har ei halvfast deig.

* Skjer opp lauk, ingefær og stangselleri.

* Varm litt olje i ei panne.

* Steik lauk, ingefær og stangselleri i panna og la de putre på middels sterk varme til det blir mjukt.

* Tilsett krydder.

* La det avkjøle.

* Sett fram ei skål med kaldt vatn.

* Form graskarblaninga til små bollar.

* Trykk eit lite hol i toppen og stapp inn litt av laukfyllet.

* Dypp hendene i vatn mellom kva graskarbolle, så heng deigen ikkje så fast på fingrane.

* Varm om ein del olje i ei panne.

* Steik bollane i oljen, vend om fleire gonger undervegs.

* Servér bollane med resten av bulguren, salat og ein dæsj sennep.

  • Comments(1)//veggis.samaraga.com/#post113

Røkt tofu med brokkoli og grønnkål

I pannaPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 15 Sep, 2012 17:00
Dette er ein kjapp, smakfull og enkel vegansk middag.


Tofu er vanlegvis ei litt omfattande sak, særleg dersom du skal marinere tofuen sjølv. Men har du lyst å lage kjapp og smakfull tofu, bør du kjøpe marinert, røkt tofu (til dømes av merket NAGEL). I Bergen vert denne solgt på Kinsarvik.

250 gram marinert, røkt tofu

1 brokkoli

5 blad grønnkål

2 fedd kvitlauk

ein neve sesamfrø

olje

soyasaus

ris

* Kok ris

* Hell væska av tofuen.

* Tørk den med eit kjøkkenpapir.

* Skjer tofuen i tynne skiver.

* Skjer brokkoli og grønnkål i bitar.

* Skjer kvitlauk i små bitar.

* Steik tofubitane i litt olje på middels varme.

* Snu dei slik at dei blir gyldne på kvar side.

* Wok brokkoli, grønnkål og kvitlauk i ei anna panne.

* Hell over tre spiseskeier soyasaus.

* Strø over sesamfrø.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post112

Karamellisert løkpai

PaiPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 08 Sep, 2012 17:01
Pai er både nydeleg helgemat, gjestemat og lunsjmat. Eg hadde mykje løk igjen i kjøleskapet og tenkte at løkpai var ein fin måte å få brukt opp dette på. Etter eit søk på google fann eg ulike variantar av pai med karamellisert løk, altså løk som er surra såpass lenge at den blir mjuk og søt av seg sjølv. I denne oppskrifta har eg i tillegg balsamicoeddik og squash, ein super kombinasjon viste det seg.


125 gram smør
3 dl kveitemjøl
2 1/2 ss kaldt vatn

/eller ferdig filodeig


300 gram løk (både raud og gul kan brukast)

1 spiseskei balsamicoeddik
200 gram squash

3 fedd kvitløk

3 egg

50 gram ost

1/2 glas mjølk

1 1/2 spiseskei mjøl

1 teskei timian

salt

pepar

* Varm ovnen på 180 grader.

* Trykk paideigen utover i ei paiform.

* Prikk hol i botnen med gaffel.

* Forsteik paideigen i ca. 10 minuttar.

* Skjer opp løken i strimlar.

* Varm litt olje på panna og steik løken på lav til middels varme i ca. 20 minuttar.

* Tilsett ei spiseskei balsamicoeddik.

* La det surre ved lav varme i 10 minuttar til.

* Høvl opp squashen i tynne, smale skiver.

* Kutt opp kvitløken.

* Surr squash og kvitløk i litt olje i ei panne i ca. 5 minuttar.

* Bland saman egg, mjølk, mjøl og ost i ein bolle.

* Tilsett timian, salt og pepar.

* Legg squash og kvitløk i paiforma.

* Legg så i løken.

* Hell over eggeblandinga.

* Steik paien i ca. 30 minuttar eller til eggeblandinga har stivna.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post111

Bergen Matfestival

bloggbloggPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 07 Sep, 2012 20:09
I morgon og søndag er det klart for Noreg sin største lokalmatfestival. Den finn du sjølvsagt i Bergen. Her gjeld det berre å hoppe i støvlane og finne vegen til Bryggen!


Bodene er opne frå klokka 10 til 18 på laurdag og frå klokka 10 til 16 på søndag. Eplemost, honning, sveler, økologisk iskrem, ostar, toddy, bakevarer, urter, sopp og flatbrød er berre noko av det du kan finne i dei ulike bodene. I tillegg kan du også ta del i Bergen sin første ølfestival: BØ!

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post110

Dagens tips: Matbloggsentralen

Mine favorittbloggarPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 02 Sep, 2012 13:04

Har du ikkje oppdaga Matbloggsentralen enda? Då er det absolutt på tide. På litt over eit år har Ina-Janine Johnsen og Ina Shelby klart å samle over 400 norske matbloggarar og over hundre norske og danske matbloggarar på ei side. I tillegg til å formidle vekesmenyar og restaurantanbefalingar, har dei konkurransar med ulike tema som synleggjer dei fantastisk mange fabelaktige oppskriftene som er lagt ut på den store verdsveven.

Ta deg ein kikk og bli matinspirert!

http://www.matbloggsentralen.com

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post109

Kokebokanbefaling: Kjøttfrie dager

KokebokanbefalingarPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 01 Sep, 2012 18:01

For et par dagar sidan kjøpte eg meg ei splitter ny kokebok, nemleg "Kjøttfrie dager" av Aftenposten-journalist Yngve Ekern og Dagsavisen-journailst Hege Ulstein. Dei kallar boka for ein "vegvisar for travle familiar som vil ete godt og meir miljøvennleg". I to år har dei testa korleis det er å la alle kvardagar vere kjøttfrie. Starten var litt småturbulent, men då dei fekk dreisen på det var konklusjonen klar: Dei har blitt enda meir glad i å lage mat, flinkare til å planlegge, og stressar mindre med innkjøp. Kokeboka inneheld flotte oppskrifter på alt frå veggisburger, wok, supper, pastarettar, salatar og gryterettar. Og sidan det er ei kjøttfri bok og ikkje ei vegetarkokebok, inneheld den også fiskerettar. Eg synest "Kjøttfrie dager" er veldig inspirerande. Tekstane som innleier dei ulike seksjonane er velskrevne gjer nok sitt til at mange som ikkje har laga vegetarmat før, får lyst til å prøve. Det er også kult at dei får fram korleis borna deira på 12 og 17 år har reagert på familien si matomlegging. Den siste delen om kjøtt, klima og miljø er også viktig og informativ. Alt i alt er dette ei flott og folkeleg kokebok både for veggisar og for dei som ønskjer å kutte ned på kjøttforbruket sitt.

  • Comments(2)//veggis.samaraga.com/#post108

Squashsuppe med kokosmjølk, karri og cashew

SupperPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 30 Aug, 2012 19:43
Det er haust og tid for dei gode suppene. Eg har tidlegare laga squashsuppe her på bloggen, men denne gongen triksa eg til ein ny og litt meir asiatiskinspirert variant.

1 stor squash

1 lauk

2 fedd kvitlauk

2 stilkar stangselleri

1 boks kokosmjølk

1 teskei karripulver

safta av ein 1/2 sitron

1 spiseskei soyasaus

salt

pepar


fersk persille

1 neve cashewnøtter

* Skjer opp lauk og kvitlauk.

* Steik det i ei djup panne med litt olje.

* Skjer opp stangselleri og squash i små bitar.

* Tilsett det i panna saman med karripulver, soyasaus og kokosmjølk.

* La det putre i ca. ti minuttar.

* Ha i sitron og smak til med salt og pepar.

* La suppa avkjøle litt før du heller den i foodprosessoren.

* Bland til du har ei tjuktflytande suppe utan bitar.

* Er den for tjukk må du tilsette litt vatn.

* Varm opp igjen suppa på panna.

* Servér i djupe skåler.

* Hakk opp litt cashewnøtter og klipp opp litt persille.

* Strø dette over suppa.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post107

Brokkolipasta med oliven og soltørka tomatar

Pizza og pastaPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 26 Aug, 2012 19:38

Denne retten diska mannen i huset opp med tidlegare i veka. Ein smakfull rett som er god både varm og kald. Oppskrifta er henta frå "The Meatfree Monday Cookbook".

2 fedd kvitlauk

2 spiseskeier soltørka tomatar

1 brokkoli

1/2 kopp oliven

2 sjalottlauk

pasta

salt

pepar

olivenolje

parmesan

pinjekjerner

* Kok brokkolien til den er mør.

* Kok pastaen.

* Skjer opp lauk og kvitlauk.

* Steik det på middels varme.

* Skjer dei soltørka tomatane og oliven i små bitar.

* Tilsett dette i panna.

* Mos den kokte brokkolien i ein foodprosessor.

* Bland brokkolimosen saman med resten av ingrediensane.

* Bland dette inn i pastaen.

* Strø over parmesan og pinjekjerner.

* Hell over ein dæsj olje.

* Smak til med salt og pepar.

  • Comments(1)//veggis.samaraga.com/#post106

Rødbetsalat med gulrot og grønnkål

SalatarPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 18 Aug, 2012 13:39

Denne veka handlar Matbloggsentralen si utfordring om salat. Eg hadde allerede ein salat her på bloggen, men fann ut at dette var ei god moglegheit til å utvide reportoaret. (Vi et eigentleg veldig mykje salat her i heimen, men ofte handlar det om å blande dei grønsakene vi har i kjøleskapet + litt nøtter og kanskje litt bønner.)

Salatoppskrifta nedanfor starta med utgangspunkt i rødbeter, ei alt for lite brukt grønsak i det norske kjøkken. Eg har tidlegare laga rødbetpasta på bloggen, men i dag vart det altså ein av hovudingrediensane i salaten. Sylta rødbet på glas kan eigentleg berre gå og legge seg samanlikna med dei fabelaktige ferske rødbetane.

Ein annan lite brukt ingrediens i denne salaten er grønnrkål. Eg kjøpte grønnkål frå Erik på Luro gård som har utsalg kvar torsdag her i Bergen i haust. Og han kunne fortelje meg utallige måtar som denne grønnkålen kan brukast til.

2 middels store gulrøter

3 reddikar

2 rødbetar

grønnkål

1 neve valnøtter


1 fedd kvitlauk

3 spiseskeier olivenolje

1 spiseskei sitronsaft

1 spiseskei honning

sesamfrø

* Sett ovnen på 200 grader.

* Legg rødbetane i ei ildfast form.

* Ha over litt olivenolje.

* Dekk over med aluminiumsfolie og steik dei i 30 minuttar.

* Skjer opp gulrøter, reddikar og riv grønnkålen i små bitar.

* Hakk opp valnøttene.

* Skyll rødbetane under kaldt vatn medan du skjer vekk skalet.

* Del rødbetane opp i små bitar.

* Skjer opp kvitlauk, bland det saman med olje, sitronsaft og honning i ei skål.

* Smak til med salt og pepar.

* Bland saman alle ingrediane i ein bolle.

* Rist sesamfrø kort i ei tørr steikepanne.

* Strø over sesamfrøa.

* Servér salaten saman med godt brød eller til ein middagsrett der du ha lyst å ha ein salat til.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post105

Chilitofu med squashpasta og honningfenikkel

I pannaPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 11 Aug, 2012 19:11
Denne middagsretten osar av Asia, og særleg Søraust-Asia. Chili, lime, ingefær er hovudingrediensane i tofumarinaden samt ingrediensar i fenikkeltilbehøret. Ein skikkelig velsmakande rett! (p.s: Det er sjølvsagt mogleg å bytte ut squashpastaen med ris eller nudlar.)

500 gram fast tofu (gjerne av merket Singh tahoe)


1 raud chilli

1 lime

6 spiseskeier rapsolje

6 spiseskeier tamarisaus eller annan sojasaus

5 cm fersk ingefær


1 stor squash

1 fenikkel

1 spiseskei honning


* Ta tofuen ut av pakken og tørk den godt med tørkepapir.

* Skjer opp tofuen i tynne stavar.

* Tørk av litt meir slik at alt overflødig vatn forsvinn.

* Skjer opp chilli og ingefær.

* Bland saman chili, ingefær, olje og tamarisaus i ei stor skål.

* Tilsett tofubitane og bland forsiktig saman slik at alle tofubitane får marinaden over seg.

* La tofuen stå i marinaden i om lag 15 minuttar.

* Varm opp ei stor steikepanne med litt olje.

* Legg tofubitane forsiktig i panna, men la marinaden renne godt av først.

* Steik bitane på middels varme. Snu dei etter eit par minuttar.

* Skjer opp fenikkel i småbitar.

* Varm litt olje i ei panne.

* Ta tre spiseskeier frå tofumarinaden over fenikkelen.

* Tilsett ei spiseskei honning.

* Rør undervegs til fenikkelen har blitt mjuk.

* Kok opp vatn i ei gryte.

* Høvl opp squash i tynne strimlar. (Har du ein såkalla mandoline, er dette tida for å bruke den.)

* La squashstrimlane koke i eitt minutt.

* Servér tofu, fenikkel og squashpasta saman på eit fat.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post104

Veggistaco

I pannaPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 08 Aug, 2012 19:44
Veggistaco er ein klassikar i heimen vår. Som oftast er det klassisk fredagsmat, men nokre gonger kan vi finne på å ete det andre dagar i veka også. Sjølve tacostuingen synest eg smakar best med svarte bønner, men også raude bønner går an. Når det gjeld tacoskjell vil eg anbefale merket Old El Paso på det sterkaste, sidan alle dei andre inneheld palmeolje.


Dersom du ikkje har fått med deg kvifor palmeolje er noko du bør styre unna, så kan du til dømes lese her. Dersom du lurer på om eit produkt inneheld palmeolje, kan du sjekke det her.

cherrytomatar

agurk

salat

avokado


kvitost

rømme


5 sopp

1 liten lauk

1 boks svarte bønner

3 tomatar

litt olje

1 kopp vatn


1 teskei salt

2 teskeier spisskummen

1/2 chilli

1 teskei paprikapulver

1 fedd kvitlauk, i små bitar

1 teskei sukker


Old El Paso tacoskjell

* Skjer opp sopp og lauk.

* Varm opp ei steikepanne med litt olje.

* Steik sopp og lauk i nokre minuttar.

* Skyll bønnene godt under kaldt rennande vatn i ei sil.

* Skjer opp tre tomatar.

* Ha tomatane og bønnene i steikepanna saman med sopp og lauk.

* Bland saman alle kryddera og tilsett dei i steikepanna.

* La de putre og hell i ein kopp vatn gradvis.

* Rør og la det putre i fem minuttar til.

* Sett på ovnen på 150 grader og varm tacoskjella i 5-10 minuttar.

* Skjer opp resten av grønsakene.

* Skjer opp osten i små terningar.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post103

Blogganbefaling: Sprouted kitchen

Mine favorittbloggarPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 03 Aug, 2012 17:17


Sitronpannekaker med blåbær, balsamicorista rotgrønnsaker med spinatsaus, thailandsk nudelsuppe eller scones med dadlar og pecannøtter. Høyrest dette fristande ut? Då er eg sikker på at du vil like bloggen Sprouted kitchen.

Dei to matentusiastane bak bloggen heiter Sara og Hugh Forte. Paret er veldig opptatt av å bruke sesongens grønnsaker og målet er å lage sunn mat som smakar supert. Ein stor bonus for oss matblogglikarar, er at denne bloggen har nydelege matbilde. Dei inspirerer og får i alle fall meg lyst til å lage meir mat!


p.s 1:I år har Sara og Hugh også komt ut med kokebok. Den heiter også "Sprouted kitchen" og ser riktig så fin ut.

p.s 2: Har du tips til andre matbloggar som er vegetariske, legg gjerne igjen ein kommentar i kommentarfeltet, eller send e-post til veggisbloggen@gmail.com




  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post102

Bregnegryte

GryterettarPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 30 Jul, 2012 19:24
Etter ei lita feriepause, er eg tilbake igjen her på bloggen. Denne gongen med ei miks-og-triks-gryte som eg har kalla opp etter den fine bregna eg plukka med meg på veg heim frå jobb i dag. Gryta kan serverast med brød eller ris til.


1 lauk
5 sopp
solsikkeolje

1 boks hakka tomatar
1 boks kokosmjølk
1 kopp vatn

2 teskeier tandoori masala-krydder
2 spiseskeier tamarisaus (eller anne soyasaus)
1 spiseskei sitronsaft
1 spiseskei honning
1 teskei kanel
salt
pepar

1 squash
1 pakke fersk spinat

fersk koriander


* Kok opp risen.
* Skjer opp lauk og sopp.
* Varm opp litt olje i panna.
* Steik lauk og sopp i fem minuttar.
* Tilsett tandoori-krydder.
* Hakk opp squash i bitar og tilsett den.
* Tilsett resten av ingrediensane bortsett frå spinaten.
* La gryta putre på middels varme i 15 minuttar.
* Tilsett spinaten. Den fell fort saman.
* La det putre i fem minuttar til.
* Servér i skåler med ris til, pluss hakka fersk koriander på toppen.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post101

Kokebokcover!

MatmisjonenPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 01 Jul, 2012 18:43

Eg har tidlegare fortalt at eg skal vere med i ei kokebok. No nærmar det seg dagen der boka vert sendt i trykken, og i september kjem den ut for salg.

Hanne har gjort ein strålande jobb med å ta bilde av maten og setje saman boka. Ein snik-kikk på boka lovar veldig bra og ein kan vel trygt seie at det blir ei inspirerande kokebok med mykje matglede.

Forsida av boka ser du nedanfor. Eg kjem med meir info om kokeboka etter sommarferien.

God sommar!

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post100

Sommarsalat med aprikos og oregano

SalatarPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 26 Jun, 2012 19:34
Sommaren er ei perfekt tid for herlege salatar. I denne har eg samla ei litt uvanleg blanding som viste seg å smake veldig godt. Om du ikkje har kjøpt fersk aprikos før, så er dette ei gylden moglegheit!


Til to personar:

1 ciabatta

6 spiseskeier olivenolje

2 fedd kvitlauk

salt

pepar

4 spiseskeier fersk oregano

1 spiseskei epleeddik

4 tomatar

1/2 raudlauk

1/2 agurk

10 kalamataoliven

2 selleristenger

3 ferske aprikosar

* Hakk kvitlauken opp i små bitar.

* Klipp den ferske oreganoen.

* Bland olivenolje, eddik, kvitlauk, oregano, salt og pepar saman i ei skål.

* Varm opp ciabattabrødet i ovnen til det er sprøtt.

* Skjer der i små terningar.

* Skjer opp dei andre ingrediensane.

* Bland alt saman i ein bolle.

* Strø litt meir fersk oregano på toppen.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post99

Marokkogryte

GryterettarPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 17 Jun, 2012 16:37
Denne oppskrifta er inspirert av ei oppskrift eg fann i den flotte boka Veggiestan. Der vert den kalla for ei suppe, men eg vil heller kalle det ei gryte. Tomat, kikerter, krydder og sitron er hovudingrediensane. Servér med godt brød til.


1 lauk

2 stilkar stangselleri

litt olje

1 teskei kanel

1 teskei fersk ingefær

1 teskei spisskummen

1 teskei paprikapulver

1 teskei tumeric

4 tomatar

1 kopp raude eller grøne linser

1 boks kikerter

2 koppar vatn

1 spiseskei tamarisaus (eller annan soyasaus)

1 spiseskei sukker

1 spiseskei mjøl

1 spiseskei sitronsaft

fersk persille

salt

* Skjer opp lauk og stangselleri og steik det i ei stor gryte på middels varme.

* Tilsett krydder, tomat, linser og vatn.

* La det koke opp.

* Tilsett kikertene.

* La gryta koke i minst 30 minuttar (til kikertene er møre).

* Tilsett soyasaus, sukker og salt.

* Bland mjøl og sitronsaft saman i ein liten bolle.

* Ta ein liten slant av suppa opp i sitron og mjølblandinga.

* Rør saman og helle det tilbake i den store gryta.

* Server med fersk persille og sitronbåtar.

  • Comments(2)//veggis.samaraga.com/#post98

Gulasj med rødbeter og cayennepepper

GryterettarPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 13 Jun, 2012 20:03
Nokon tenker at middagsbesøk ei god anledning til å servere det som ein veit smakar godt. I dag gjekk eg for ein litt annan vri og serverte nokon som eg aldri har laga før. Oppskrifta er inspirert av bønnegulasjen frå Kirsten Skaarups si kokebok "Grønne køkken", men skorzonerot vart bytta ut med squash og aubergin. Eg bytta også ut persillen med cayennepepper for å piffe det heile opp eit par hakk. Resultatet vart glimrande: Ein herleg gryterett med masse smak og farge.




1/2 kg rødbeter
1 lauk
2 fedd kvitlauk
300 gram gulrøter
300 gram poteter
4 spiseskeier olivenolje
1 paprika
1 squash
1 aubergine
4 dl grønsaksbuljong
1 boks svarte bønner
2 spiseskeier kveitemjøl
1 teskei spisskummen
1 teskei cayennepepper
1 spiseskei tamarisaus (eller anna soyasaus)
salt
pepar

rømme
ris


* Skrell rødbetene og del dei i to.
* Kok dei på middels varme i ca. 25 minuttar.
* Sett på risen.
* Skjer opp resten av grønsakene medan rødbetene kokar.
* Steik alle grønsakene i ei stor panne. Start med lauken.
* Skjer også opp rødbetene i bitar og tilsett dei i gryta.
* Tilsett buljongvatn, salt, pepar og krydder.
* La det småkoke i 10 minuttar under lok.
* Rør ut mjølet i litt vatn til du har ei jamning.
* Tilsett det i gryta og rør saman.
* Server gulasjen med ris, ein klatt rømme på toppen og litt bønnespirer.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post97

Veggisbloggen sitt første handlenett

bloggbloggPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 04 Jun, 2012 20:48


I dag henta eg ein kjekk liten pakke på posten. Det er Veggisbloggen sitt første tøynett. Tanken er at eg skal trykke opp fleire slike. Planane er ikkje heilt klare enda, men ein kan vel seie at Veggisbloggen har fått seg ein logo: ein grøn sommarfugl.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post96

Italiensk caponata med heimlaga potetmos

GryterettarPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 28 May, 2012 15:13
Caponata er ein sur-søt siciliansk auberginerett. Den finnast i mange ulike variantar, men i denne oppskrifta brukar eg mellom anna oliven og rosiner for å få fram kontrastsmakane. Mange stader kan caponata brukast som ein siderett, men i denne varianten her, er det såpass mange ingrediensar at den egnar seg bra som ein hovudrett. Servér den gjerne med heimlaga potetmos. Det smakar kjempegodt!

2 auberginar

50 gram pinjekjerner

1 lauk

2 fedd kvitlauk


1 boks hakka tomatar

2 squash

2 teskeier kanel

1 spiseskei kvitvinseddik eller kryddereddik


50 gram oliven

50 gram utvatna rosiner

olje

* Skjer opp aubergin i terningar.

* Varm opp litt olje i ei panne og steik auberginane på høg varme i nokre minuttar.

* Hell auberginane over i ei stor panne.

* Rist pinjekjernene i panna, men pass på så dei ikkje blir svidd.

* Ha pinjekjernene i den store panna.

* Skjer opp lauk og kvitlauk.

* Steik det i olje i nokre minuttar.

* Ha det i panna.

* Skjer opp squash.

* Ha squash, tomatar, kanel, salt og pepar i gryta.

* La det putre i ca. 20 minuttar.

* Rør om av og til slik at det ikkje svir i botnen av gryta.

* Tilsett vatn om nødvendig.

* Tilsett eddik, rosiner og oliven.

* Retten skal vere sursøt.

* Smak til med salt og sukker.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post95
« PreviousNext »