Veggisbloggen

Veggisbloggen

***

Mange skulle ønske dei spiste mindre kjøtt. Andre har lyst til å slutte heilt. Denne veggisbloggen er meint som inspirasjon til deg som lurer på korleis ein kan lage smakfulle og mettande rettar av grønsaker, linser, nøtter, ris, pasta, bønner. Kort sagt all mat som ikkje inneheld noko som tidlegare har breka, rauta, kykkelikya eller grynta. Selamat makan!

Veggisbloggen er medlem av Matbloggsentralen

Du finn også Veggisbloggen på Twitter, Bloglovin og Facebook

Har du spørsmål eller innspel, send e-post til veggisbloggen@gmail.com
Har du lyst til å kjøpe kokeboka "Matmisjonen - ekte mat fra ti bloggere" som Veggisbloggen er med i? Klikk her

Couscous-salat

KjappmatPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 31 Oct, 2011 14:03
Eg er framleis i det greske hjørnet frå forrige veke. Denne gongen har eg latt meg friste av ein fyldig salat. Om du et denne som ein enkel middag, eller om det er tilbehør til noko anna, vel du sjølv.



Ingrediensar:

1 1/2 kopp couscous
1 kopp grønnsaksbuljong

1 lauk

8 sopp

2 fedd kvitløk

1 spiseskei sitronsaft

1 spiseskei oregano

200 gram spinat

1/2 kopp fetaost

2 tomatar

1/2 kopp pinjekjerner


Slik gjer du:

* Kok opp vatn.
* Tilsett couscous.
* Tilsett grønsaksbuljongen når couscousen er ferdigkokt.
* Varm litt olje i ei panne.
* Skjer opp lauk, sopp, kvitlauk og la det steke på middels varme i fem minutt.
* Bland inn sitronsaft og oregano.
* Tilsett spinat og kok til spinaten har fallt saman.
* Bland saman couscous med grønsaksblandinga og la det surre i fem minutt.
* Bland inn fetaost og opphakka tomatar.
* Strø over pinjekjerner.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post69

Veggisburger

KjappmatPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 23 Jun, 2010 22:03

Om sommaren blir det ofte mykje grilling, og oftast betyr grilling enorme mengder kjøt. Får du ein veggis på besøk eller kunne tenke deg å jekke litt ned på kjøtforbruket i sommar, så er denne oppskrifta super. Burgerblandinga kan ein sjølvsagt lage sjølv, men skal det gå fort er ein burgermix det beste. Godt smakar det også!


Til 2 personar:

1 pakke vegetarburgermix (Kinsarvik i Bergen har for eksempel burgermix frå Just Wholefoods til 34 kroner. Ingrediensar: lauk, gulrot, selleri, persille, brunt rismel, kumin, timian, salt, pepar)

2 dl kokande vatn

2 tomatar

litt agurk

litt lauk

salat

dressing eller rømme

5 skiver ost

4 burgerbrød

* Hell burgermixen i ein bolle.

* Tilføy kokande vatn og rør rundt.

* La det stå i 10 minutt.

* Varm opp steikepanna med litt olje.

* Form fem burgerar med hendene. (Det er lettare om du har litt vatn på hendene)

* Steik dei. Legg ost på toppen så det smeltar litt.

* Kutt grønsakene.

* Stabl burgeren og et!

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post15