Veggisbloggen

Veggisbloggen

***

Mange skulle ønske dei spiste mindre kjøtt. Andre har lyst til å slutte heilt. Denne veggisbloggen er meint som inspirasjon til deg som lurer på korleis ein kan lage smakfulle og mettande rettar av grønsaker, linser, nøtter, ris, pasta, bønner. Kort sagt all mat som ikkje inneheld noko som tidlegare har breka, rauta, kykkelikya eller grynta. Selamat makan!

Veggisbloggen er medlem av Matbloggsentralen

Du finn også Veggisbloggen på Twitter, Bloglovin og Facebook

Har du spørsmål eller innspel, send e-post til veggisbloggen@gmail.com
Har du lyst til å kjøpe kokeboka "Matmisjonen - ekte mat fra ti bloggere" som Veggisbloggen er med i? Klikk her

Veggiwok

WokPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 07 Jan, 2011 20:27
Wok er både lettvint og godt, og forsyne meg er det ikkje sunt også!
Denne woken passar bra til både middag og lunsj. Eg har blitt veldig glad i byggris i det siste, men det fungerer sjølvsagt også bra med jasminris eller anna "vanleg ris".




3 spiseskeier olje
1 lauk
2 fedd kvitlauk
litt ingefær
1 brokkoli
2 stilkar vårlauk
1 boks vatnkastanjer
1 neve sukkererter
1 neve minimais
1/2 paprika
1 gulrot
1 liten chili
salt
4 spiseskeier sojasaus
cashewnøtter
byggris


* Skjer opp lauk, kvitlauk og ingefær.
* Steik det i ei wokpanne saman med oljen.
* Skjer opp dei andre grønsakene.
* Bland grønsakene saman med resten.
* Rør godt medan det steiker slik at grønsakene ikkje svir seg i panna.
* Tilsett litt salt, chili, sojasaus og cashewnøtter.
* Servér med byggris.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post35

Steikt ris med grønsaker

WokPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 22 Aug, 2010 21:13


Stekt ris med grønsaker er ein kinesisk klassikar som finnast i mange variantar. Har du egg i blir retten enda lekrare enn vanleg fried rice. Passar også godt som matpakke.


3 fedd kvitlauk

1 liten lauk

2 stilkar stangselleri

2 gulrøter

1 raud chili

2 kvastar thaibrokkoli (eller ein halv brokkoli)

2 spiseskeier soyasaus

1 pakke bønnespirer

2 egg

olje

2 koppar kokt ris


* Kok risen eller bruk kokt ris frå dagen før.

* Skjer opp grønsakene.

* Varm opp wokpanna med litt olje.

* Ha i grønsakene og soyasausen.

* Steik dei i tre minutt medan du rører rundt.

* Ha grønsakene ut av woken.

* Ha i litt olje.

* Ha i egga og rør kjapt rundt så du får ei eggerøre.

* Tilsett risen og rør godt.

* Steik det i tre minutt før du har i grønsakene igjen.

* Steik det i enda fem minutt. Rør godt heile tida så det ikkje brenn seg i panna.



  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post20

Wok fallera

WokPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 09 Jun, 2010 10:30




Hemmeligheita bak denne woken er sausen. Difor er det også viktig å smake på sausen før du blandar den saman med grønsakene. Er den for syrlig, ha i litt meir honning. Er den ikkje sterk nok, ha i meir chilisaus.


Sausen:

1/2 kopp grønsaksbuljong

2 spiseskeier fiskesaus

safta frå ein halv lime

5 fedd kvitlauk, hakka smått

1 teskei honning

1 teskei chilisaus evnt. 1 raud chili


olje

1 raudlauk

4 vårlauk

1 stor paprika

1 squash

2 sjalottlauk

pak choi (kan mellom anna kjøpast på Global Foods i Bergen + andre frukt og grønt butikkar rundt omkring. Kan eventuelt byttast ut med brokkoli)

1 gulrot

1 chili

litt ingefær

1 boks kikerter


Eggnudlar


* Bland saman ingrediensane til sausen i ei kasserolle.

* La sausen koke i 1 minutt, rør godt.

* Sett sausen til side.


* Varm opp wokpanna med litt olje.

* Kutt grønsakene og ha dei i wokpanna.

* Tilsett boksa med kikerter.

* Rør rundt.


* Kok opp vatn i ei panne.

* Kok eggnudlane i 3-4 minutt.


* Tilsett nudlane og sausen i woken saman med grønsakene.

* Tilsett ein dæsj soyasaus og bland godt.



  • Comments(2)//veggis.samaraga.com/#post14