Veggisbloggen

Veggisbloggen

***

Mange skulle ønske dei spiste mindre kjøtt. Andre har lyst til å slutte heilt. Denne veggisbloggen er meint som inspirasjon til deg som lurer på korleis ein kan lage smakfulle og mettande rettar av grønsaker, linser, nøtter, ris, pasta, bønner. Kort sagt all mat som ikkje inneheld noko som tidlegare har breka, rauta, kykkelikya eller grynta. Selamat makan!

Veggisbloggen er medlem av Matbloggsentralen

Du finn også Veggisbloggen på Twitter, Bloglovin og Facebook

Har du spørsmål eller innspel, send e-post til veggisbloggen@gmail.com
Har du lyst til å kjøpe kokeboka "Matmisjonen - ekte mat fra ti bloggere" som Veggisbloggen er med i? Klikk her

Sylta rødbeter med kanel og chili

PåleggPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 11 Dec, 2011 20:28
Eg har aldri sylta ting før, men sidan eg hadde lyst til å lage nokre spiselige julegaver, pluss at eg hadde lyst til å lage til meg sjølv, så laga eg sylta rødbeter i dag. Rødbeter er verkeleg ei fantastisk grønsak. Fargen er supersterk og fin og smaken er lekker. I denne oppskrifta brukte eg kanel og chili. Sylta rødbeter kan både brukast som ekstra pålegg til ost, i salatar, eller som tilbehør til en saftig veggisburger. 1 kg rødbeter/200 gram sukker/5 dl epleedikk/1 teskei kanel/1 teskei chilipulver/salt/pepar/reine glas* Kok rødbetene i 15-20 minutt, eventuelt lenger, slik at dei blir møre. * Varm opp sukker, edikk, kanel, chili, salt og pepar.* La det koke opp medan du rører godt. * Ha glasa inn i ovnen i 10 minutt på 150 grader. Husk å ta vekk gummistrekken som er rundt. * Skjer opp rødbetene i skiver. Del dei så i to.* Fyll glasa med rødbeter.* Hell over laken.* Fest på loket. (Husk gummistrekken.) * Snu glaset opp-ned.
  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post72

Heimedyrka spirar

PåleggPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 02 Mar, 2011 19:23
Her om dagen kom eg over ei veldig fin matside som heiter Honest Fare. (www.honestfare.com) Inspirert av Gabrielle som har denne sida fann eg ut at eg ville prøve å dyrke mine eigne spirer. Resultatet vart supert, så eg vil difor dele framgangsmåten her. Resultatet blir deilige sprø spirar (liknar litt på bønnespirane ein kan kjøpe i butikken). Desse kan brukast i supper, salatar og wok, eller rett og slett for å piffe opp ei kjedeleg brødskive.



Slik gjer du:

* Skyll ein kopp grøne linser i kaldt vatn gjennom ei sil.
* Legg linsene i ei skål med vatn i åtte timar.
* Skyll linsene igjen.
* Ha linsene i ei glaskrukke. (Krukka skal vere så stor at den ikkje er fylt meir enn ein tredjedel.)
* Strekk ein tynn kjøkkenklut over opninga på krukka.
* Stram til med ein gummistrikk.
* Skyll linsene i kaldt vatn (medan klutloket er på), to gonger om dagen.
* Rist godt og la vatnet renne ut igjen.
* Gjenta skylleprosessen i fire til fem dagar.
* Linsene har no blitt til spirer!
* Ta linsene ut av krukka og legg dei i ei lufttett plastboks i kjøleskapet med litt kjøkkenpapir i botnen.
* Linsene held seg friske i om lag ei veke.


  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post45

Hummus

PåleggPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 28 May, 2010 19:40

2 koppar kokte kikerter
2 eggeglas olivenolje
Safta frå ein sitron
2 fedd kvitlauk
1 ss. tahini
Salt og pepar
Eventuelt 1 ss. yoghurt


* Kutt opp kvitlauken og ha alt i hurtigmiksar.

* Smak undervegs. Kanskje treng den litt meir salt eller olje.

* Bland saman til alt blir ein fin postei.

* Smakar godt på rista skive med litt hakka fersk kruspersille til.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post11