Veggisbloggen

Veggisbloggen

***

Mange skulle ønske dei spiste mindre kjøtt. Andre har lyst til å slutte heilt. Denne veggisbloggen er meint som inspirasjon til deg som lurer på korleis ein kan lage smakfulle og mettande rettar av grønsaker, linser, nøtter, ris, pasta, bønner. Kort sagt all mat som ikkje inneheld noko som tidlegare har breka, rauta, kykkelikya eller grynta. Selamat makan!

Veggisbloggen er medlem av Matbloggsentralen

Du finn også Veggisbloggen på Twitter, Bloglovin og Facebook

Har du spørsmål eller innspel, send e-post til veggisbloggen@gmail.com
Har du lyst til å kjøpe kokeboka "Matmisjonen - ekte mat fra ti bloggere" som Veggisbloggen er med i? Klikk her

Varmande vintergryte

SupperPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 18 Nov, 2012 15:09
Vi er midt i november. Her i Bergen er det stortsett kaldt og surt slik som det brukar å vere på denne tida av året. Då passar det bra med ei fyldig grønsaksgryte. I denne har eg brukt mange grønsaker, men det er sjølvsagt ikkje krise om du manglar ein eller to av dei.

1 lauk


1 teskei kanel

1 teskei spisskummen

1 teskei paprikapulver

1/2 teskei kayennepepar

1 raud chili


2 fedd kvitlauk

2 gulrøter

1 stangselleri

1/2 paprika

4 poteter

1 søtpotet

1 stor squash

2 tomatar

spinat eller grønkål

2 koppar vatn

1 grønsaksbuljong

1 boks kokosmjølk

1 liten blomkål


2 teskeier sukker

salt

pepar

sitron

* Skjer opp alle grønsakene i terningar.

* Varm litt olje i ei gryte.

* Ha i lauk.

* Surr lauken i eit par minuttar.

* Tilsett krydder og la det surre eit par minuttar til.

* Tilsett resten av grønsakene i gryta.

* Ha i vatn, buljong og kokosmjølk.

* La det putre på middels varme under lokk i 15 til 20 minuttar.

* (Sjekk at potetene er møre.)

* Ha i to teskeier sukker .

* Smak til med salt, pepar og sitron.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post129

Asiatisk graskarsuppe

SupperPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 10 Oct, 2012 11:04

Graskar får ein nydelig konsistens i suppe, spesielt når den blandast med kokosmjølk.

Til fire personar:

1 spiseskei olje

1 lauk

1 kg graskar

2 boksar kokosmjølk

2 teskeier sambal oelek (malaysisk chilisaus)

2 teskeier koriander

2 spiseskeier fiskesaus (kan byttast ut med ein lys soyasaus)

1 lime

* Varm opp ei panne med olje.

* Skjer opp løken og steik den i eit par minutt.

* Skjer opp graskaret, ta av skalet og frøa inni.

* Ha graskar og kokosmjølk saman med løken.

* Tilsett koriander, sambal oelek, lime og fiskesaus.

* Kok opp, skru så ned varmen og la det putre med lokk i 15 minutt, eller til graskaret er gjennomkokt.

* La blandinga avkjølast i 10 minutt.

* Bland det i foodprosessor i eit par minutt.

* Kok suppa opp igjen slik at den blir varm.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post119

Gulrotsuppe med appelsin

SupperPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 26 Sep, 2012 19:36

Krema supper med ein rømmeklatt på toppen smakar nydeleg når det er kaldt og haustleg ute. For å gjere denne gulrotsuppa mettande og god har eg også tilsatt linser og cashewnøtter.

500 gram gulrøter

olje

1 1/2 dl appelsinjuice

1 liter grønsaksbuljong

1 liten lauk

1 pakke blautlagde grøne linser (380 gram)

2 teskeier tørka timian

salt og pepar

rømme

cashewnøtter

fersk timian

* Skrell gulrøtene og skjer dei i tynne skiver.

* Steik gulrøtene i olje i ti minuttar.

* Tilsett lauk og la det putre i fem minuttar.

* Tilsett linser, buljongvatn og appelsinjuice.

* La det koke opp, skru så ned varmen og la det putre i 15 minuttar eller til gulrøtene blir møre.

* Ha i timian, salt og pepar.

* Bland i foodprosessor og varm opp igjen.

* Ha i ein klatt rømme, litt fersk timian og ei spiseskei cashewnøtter i kvar bolle.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post115

Squashsuppe med kokosmjølk, karri og cashew

SupperPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 30 Aug, 2012 19:43
Det er haust og tid for dei gode suppene. Eg har tidlegare laga squashsuppe her på bloggen, men denne gongen triksa eg til ein ny og litt meir asiatiskinspirert variant.

1 stor squash

1 lauk

2 fedd kvitlauk

2 stilkar stangselleri

1 boks kokosmjølk

1 teskei karripulver

safta av ein 1/2 sitron

1 spiseskei soyasaus

salt

pepar


fersk persille

1 neve cashewnøtter

* Skjer opp lauk og kvitlauk.

* Steik det i ei djup panne med litt olje.

* Skjer opp stangselleri og squash i små bitar.

* Tilsett det i panna saman med karripulver, soyasaus og kokosmjølk.

* La det putre i ca. ti minuttar.

* Ha i sitron og smak til med salt og pepar.

* La suppa avkjøle litt før du heller den i foodprosessoren.

* Bland til du har ei tjuktflytande suppe utan bitar.

* Er den for tjukk må du tilsette litt vatn.

* Varm opp igjen suppa på panna.

* Servér i djupe skåler.

* Hakk opp litt cashewnøtter og klipp opp litt persille.

* Strø dette over suppa.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post107

Stormsuppe med gulrot og kokosmjølk

SupperPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 27 Nov, 2011 18:40
Det er første søndag i advent. Ingen snø i sikte, berre masse vind i trea utanfor huset. På ein stormfull søndagskveld som denne fekk eg lyst til å lage ei varmande god suppe. Eg har laga gulrotsuppe før, men denne gongen ville eg ha med kokosmjølk, ingefær og garam masala. Resultatet vart heilt glitrande og kan absolutt anbefalast.



Ingrediensar:

500 gram gulrøter

1 lauk

5 cm ingefær

litt olje


1 teskei garam masala

salt


2 koppar buljongvatn av grønsaksbuljong.

1 boks kokosmjølk



Slik gjer du:

* Skrell gulrøtene og skjer dei i tynne skiver.

* Skjer lauk og ingefær i små bitar.

* Steik gulrot, lauk og ingefær på middels varme i panna med litt olje.

* Tilsett to koppar grønsaksbuljong.

* La det putre i 20 minutt.

* Hell blandinga i food processor.

* Tilsett kokosmjølka.

* Kok opp suppa igjen til den blir rykande varm.

* Servér med god brød med smør på.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post71

Blomkål- og romanescosuppe

SupperPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 19 Sep, 2011 15:42
Supper kan lagast av veldig mange grønsaker, men denne gongen har eg prøvd ein kombinasjon av ei velkjend grønsak, og ei ukjend: Blomkål + romanesco. Denne konkylieforma grønsaka kan byttast ut med brokkoli dersom du ikkje finn den på butikken. Soyafløten kan sikkert også byttast ut med vanleg fløte.


God middag!




1 lauk
2 fedd kvitlauk
1 blomkål
1 romanesco
3 dl soyafløte
1 grønsaksbuljong
3 dl vatn
1 teskei chili
1 teskei spisskummen
salt
pepar


* Kutt opp lauk og kvitlauk.
* Steik det på middels varme med litt olje.
* Skjer opp dei andre grønsakene.
* Legg nokre til side som pynt.
* Tilsett grønsaker, vatn og krydder.
* La det surre i 15 minutt.
* La det avkjøle i fem minutt.
* Ha det i foodprosessor til massen vært jevn.
* Ha suppa tilbake i panna og tilsett soyafløte.
* Kok blomkålbitane som du har til overs i ei eiga panne.
* Kok opp suppa og smaksett med salt og pepar.



  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post64

Brokkolisuppe

SupperPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 13 Mar, 2011 20:52
Som eg sagt før, så er posesuppe ein vits. Suppe frå botnen av smakar utruleg mykje betre, mettar meir, og er faktisk ikkje så tidkrevande som ein skulle tru. Til denne suppa passar det godt med ei rugbrødskive med smør på.



1 lauk
2 fedd kvitlauk
1 stilk stangselleri
1 brokkoli
salt
2 koppar grønsaksbuljong
2 spiseskeier plantemargarin
3 spiseskeier mjøl
2 koppar mjølk


* Hakk opp lauk, kvitlauk og stangselleri.
* Surr det litt i ei steikepanne med olivenolje.
* Kok opp vatn.
* Ha vatn og grønsaksbuljongen i ei gryte.
* Skjer brokkolien i bitar.
* Ha lauk, kvitlauk, stangselleri og brokkoli i gryta saman med buljongen og vatnet.
* Tilsett litt salt.
* La dette putre i 10 minutt.
* Hell litt og litt av denne blandinga i ein foodprosessor.
* Bland saman til alt blir ei fin masse.
* Smelt smør i ei gryte.
* Tilsett mjøl og rør godt.
* Bland i mjølka litt og litt, slik at du får ein jevn kvit saus.
* Bland brokkoliblandinga saman med sausen.
* Gi det eit lite oppkok.
* Tilsett meir salt om nødvendig.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post47

Thailandsk tomatsuppe

SupperPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 20 Feb, 2011 15:08
Tomatsuppe er ein velkjent klassikar i Noreg, men har du nokon gong testa tomatsuppe med thailandsk vri? Suppa er fyldig og mettande, passar gjerne til kalde vinterdagar som no.



1 lauk
2 fedd kvitlauk
litt fersk ingefær
1 boks hakka tomatar
1 teskei chilipulver
1 boks kokosmjølk
1 spiseskei sukker
salt
litt olje

* Kutt opp lauk, kvitlauk og ingefær.
* Steik det i panna i fem minutt.
* Bland dette i ei stor gryte saman med resten av ingrediensane.
* Rør godt saman og la det koke opp.
* Når det akkurat er kokt opp, hell blandinga i ein foodprosessor så suppa blir jevn.
* Ha blandinga tilbake i gryta og la den koke i fem minutt.
* Er suppa for tjukk, tilsett litt vatn.


  • Comments(2)//veggis.samaraga.com/#post44

Krema suppe med squash og potet

SupperPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 29 Aug, 2010 13:02




Denne suppa er fyldig og smakfull. Egnar seg godt saman med fersk loff med smør på.


1 spiseskei olje

3 fedd kvitlauk

1 lauk

3 kvastar vårlauk

3 squash

4 poteter

2 koppar mjølk

1 kopp grønsaksbuljong

1 kvast fersk dill

salt og pepar


* Varm opp olje i ei stor panne.

* Kutt lauk og kvitlauk og ha det i panna.
* Skrell og kutt opp potetene i små bitar. Tilsett dei i panna.

* Ha i mjølk og buljongvatnet. La det putre i 15 minutt.

* Skrell og kutt opp squash. Tilsett desse og la det putre i 10 minutt til.

* La suppa kjøle av i 10 minutt.

* Ha den i foodprosessor og bland rundt til suppa får ein god konsistens.

(Den skal vere tjukk, utan bitar av squash eller potet.)

* Hell suppa tilbake i panna og varm opp.

* Tilsett den finhakka dillen.


  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post21

Smakfull kikertsuppe

SupperPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 28 May, 2010 19:46

200 gram kikerter

2 ss olje

1 ss garam masala

2 bokser hakka tomatar på boks

1 paprika

1 gulrot

1 lauk

1 kvitlaukbåt

75 gram ingefær

1 liter grønsakskraft


* Legg kikertene i blaut i vatn kvelden før suppa skal serverast.

* Hell av vatnet og kok dei i friskt vatn i 30 minutt.

* Slå av vannet.

* Ha oljen i ei gryte. Tilsett alle ingrediensane og rør godt. Hell i kraft.

* Kok opp og la alt småkoke i 30 minutt.

* Ta gryta av varmen og kjør den jevn med stavmiksar eller i kjøkkenmaskin.

* Suppa smakar godt med ein klatt yoghurt på toppen og godt brød med smør til.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post12