Veggisbloggen

Veggisbloggen

***

Mange skulle ønske dei spiste mindre kjøtt. Andre har lyst til å slutte heilt. Denne veggisbloggen er meint som inspirasjon til deg som lurer på korleis ein kan lage smakfulle og mettande rettar av grønsaker, linser, nøtter, ris, pasta, bønner. Kort sagt all mat som ikkje inneheld noko som tidlegare har breka, rauta, kykkelikya eller grynta. Selamat makan!

Veggisbloggen er medlem av Matbloggsentralen

Du finn også Veggisbloggen på Twitter, Bloglovin og Facebook

Har du spørsmål eller innspel, send e-post til veggisbloggen@gmail.com
Har du lyst til å kjøpe kokeboka "Matmisjonen - ekte mat fra ti bloggere" som Veggisbloggen er med i? Klikk her

Stekt rødbet og brokkoli med ost og bulgur

I pannaPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 14 Oct, 2012 19:19
Rødbet er ei herleg grønsak. Særleg når den blir bakt i ovnen. Retten med bulgur,ost og brokkoli passar bra til både middag og lunsj. Om du ønskjer kan du forhåndssteike rødbetene dagen før du lagar rettent. Då har du middag på 15 minuttar.

Til to personar:

4 små rødbeter eller tre store

1/2 brokkoli

1 purreløk

evnt. grønnkål

2 spiseskeier sesamfrø

50 gram kvitost


2 dl bulgur (gjerne den med ingefær og graskarkjerner)

4 dl vatn


salt

pepar

* Varm ovnen på 200 grader.

* Legg rødbetane i ei ildfastform og hell over olivenolje.

* La rødbetane bakast i ovnen i ca. 45 minuttar.

* La dei avkjøle.

* Ha bulgur og vatn i ei gryte.

* La det småkoke i ti minuttar.

* Skjer opp brokkoli, purreløk og grønnkål.

* Skrell rødbetene og skjer dei også i bitar.

* Skjer opp osten i små bitar.

* Varm opp ei banne med litt olje.

* Steik grønsakene i panna i fem minuttar.

* Strø over sesamfrø og ostebitar.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post120

Graskarbollar med koriander og kanel

I pannaPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 16 Sep, 2012 11:43
Det er september og sesong for graskar. Denne vakre grønsaken egnar seg som kjent veldig godt til suppe og til den kjende retten "pumpkin pie", men det finnst også eit hav av andre moglegheiter. I den vakre kokeboka "Veggiestan" er der ei oppskrift på Mr. Haddad's pumpkin kibbeh. Det er ein klassikar frå Midtausten som opprinneleg hadde lam og kveitemjøl, men blir i dag laga i ulike vegetariske variantar. Hovudingrediensane i denne kibbeh-oppskrifta er graskar, bulghur og kikertmjøl og resultatet blir saftige ballar som lignar litt på falafel. Kjempegodt!

1 mellomstort graskar

1 kopp bulgur

ca. 4 koppar kikertmjøl

salt

peppar

solsikkeolje


Til fyllet:

1 lauk

2 stilkar stangselleri

2 teskeier koriander

2 teskier kanel

5 cm fersk ingefær

salt

pepar


Tilbehør:

cherrytomatar

salat

agurk

dressing eller olje


sennep

* Skjer opp graskaret i bitar.

* Kok det til det er mørt.

* La det avkjøle.

* Kok bulghur som vist på pakken.

* Ta halvparten av bulguren og bland den inn saman med graskarbitane.

* Mos det til ein graut.

* Tilsett salt, pepar og kikertmjøl.

* Bland inn kikertmjøl til du har ei halvfast deig.

* Skjer opp lauk, ingefær og stangselleri.

* Varm litt olje i ei panne.

* Steik lauk, ingefær og stangselleri i panna og la de putre på middels sterk varme til det blir mjukt.

* Tilsett krydder.

* La det avkjøle.

* Sett fram ei skål med kaldt vatn.

* Form graskarblaninga til små bollar.

* Trykk eit lite hol i toppen og stapp inn litt av laukfyllet.

* Dypp hendene i vatn mellom kva graskarbolle, så heng deigen ikkje så fast på fingrane.

* Varm om ein del olje i ei panne.

* Steik bollane i oljen, vend om fleire gonger undervegs.

* Servér bollane med resten av bulguren, salat og ein dæsj sennep.

  • Comments(1)//veggis.samaraga.com/#post113

Røkt tofu med brokkoli og grønnkål

I pannaPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 15 Sep, 2012 17:00
Dette er ein kjapp, smakfull og enkel vegansk middag.


Tofu er vanlegvis ei litt omfattande sak, særleg dersom du skal marinere tofuen sjølv. Men har du lyst å lage kjapp og smakfull tofu, bør du kjøpe marinert, røkt tofu (til dømes av merket NAGEL). I Bergen vert denne solgt på Kinsarvik.

250 gram marinert, røkt tofu

1 brokkoli

5 blad grønnkål

2 fedd kvitlauk

ein neve sesamfrø

olje

soyasaus

ris

* Kok ris

* Hell væska av tofuen.

* Tørk den med eit kjøkkenpapir.

* Skjer tofuen i tynne skiver.

* Skjer brokkoli og grønnkål i bitar.

* Skjer kvitlauk i små bitar.

* Steik tofubitane i litt olje på middels varme.

* Snu dei slik at dei blir gyldne på kvar side.

* Wok brokkoli, grønnkål og kvitlauk i ei anna panne.

* Hell over tre spiseskeier soyasaus.

* Strø over sesamfrø.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post112

Chilitofu med squashpasta og honningfenikkel

I pannaPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 11 Aug, 2012 19:11
Denne middagsretten osar av Asia, og særleg Søraust-Asia. Chili, lime, ingefær er hovudingrediensane i tofumarinaden samt ingrediensar i fenikkeltilbehøret. Ein skikkelig velsmakande rett! (p.s: Det er sjølvsagt mogleg å bytte ut squashpastaen med ris eller nudlar.)

500 gram fast tofu (gjerne av merket Singh tahoe)


1 raud chilli

1 lime

6 spiseskeier rapsolje

6 spiseskeier tamarisaus eller annan sojasaus

5 cm fersk ingefær


1 stor squash

1 fenikkel

1 spiseskei honning


* Ta tofuen ut av pakken og tørk den godt med tørkepapir.

* Skjer opp tofuen i tynne stavar.

* Tørk av litt meir slik at alt overflødig vatn forsvinn.

* Skjer opp chilli og ingefær.

* Bland saman chili, ingefær, olje og tamarisaus i ei stor skål.

* Tilsett tofubitane og bland forsiktig saman slik at alle tofubitane får marinaden over seg.

* La tofuen stå i marinaden i om lag 15 minuttar.

* Varm opp ei stor steikepanne med litt olje.

* Legg tofubitane forsiktig i panna, men la marinaden renne godt av først.

* Steik bitane på middels varme. Snu dei etter eit par minuttar.

* Skjer opp fenikkel i småbitar.

* Varm litt olje i ei panne.

* Ta tre spiseskeier frå tofumarinaden over fenikkelen.

* Tilsett ei spiseskei honning.

* Rør undervegs til fenikkelen har blitt mjuk.

* Kok opp vatn i ei gryte.

* Høvl opp squash i tynne strimlar. (Har du ein såkalla mandoline, er dette tida for å bruke den.)

* La squashstrimlane koke i eitt minutt.

* Servér tofu, fenikkel og squashpasta saman på eit fat.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post104

Veggistaco

I pannaPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 08 Aug, 2012 19:44
Veggistaco er ein klassikar i heimen vår. Som oftast er det klassisk fredagsmat, men nokre gonger kan vi finne på å ete det andre dagar i veka også. Sjølve tacostuingen synest eg smakar best med svarte bønner, men også raude bønner går an. Når det gjeld tacoskjell vil eg anbefale merket Old El Paso på det sterkaste, sidan alle dei andre inneheld palmeolje.


Dersom du ikkje har fått med deg kvifor palmeolje er noko du bør styre unna, så kan du til dømes lese her. Dersom du lurer på om eit produkt inneheld palmeolje, kan du sjekke det her.

cherrytomatar

agurk

salat

avokado


kvitost

rømme


5 sopp

1 liten lauk

1 boks svarte bønner

3 tomatar

litt olje

1 kopp vatn


1 teskei salt

2 teskeier spisskummen

1/2 chilli

1 teskei paprikapulver

1 fedd kvitlauk, i små bitar

1 teskei sukker


Old El Paso tacoskjell

* Skjer opp sopp og lauk.

* Varm opp ei steikepanne med litt olje.

* Steik sopp og lauk i nokre minuttar.

* Skyll bønnene godt under kaldt rennande vatn i ei sil.

* Skjer opp tre tomatar.

* Ha tomatane og bønnene i steikepanna saman med sopp og lauk.

* Bland saman alle kryddera og tilsett dei i steikepanna.

* La de putre og hell i ein kopp vatn gradvis.

* Rør og la det putre i fem minuttar til.

* Sett på ovnen på 150 grader og varm tacoskjella i 5-10 minuttar.

* Skjer opp resten av grønsakene.

* Skjer opp osten i små terningar.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post103

Asparges med honning, sitron og risnudlar

I pannaPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 29 Apr, 2012 17:00
Sola skin i Bergen i dag. Utanfor vindauget er trea i ferd med å bli grøne og graset er full av gule små blomar. Eg har samla meg ein haug med nye fregnar midt på nasa denne vakre vårdagen. Det følest godt.

På fine søndagar som dette passar det bra med gode råvarer som høyrer årstida til. Difor har eg eksperimentert meg fram til ein nydeleg aspargeslunsj.


Til 2 personar:

6 asparges
2 reddikar
2 kvastar vårlauk
1/2 gulrot
1 neve cashewnøtter

100 gram risnudlar

6 spiseskeier sitronsaft
1 spiseskei fersk ingefær
1 fedd kvitlauk
1 spisseskei fersk basilikum
1 teskei tamari (soyasaus)
1 spiseskei honning
2 spiseskeier olivenolje
salt
pepar


* Knekk av den trevlete delen av aspargesen.

* La dei koke i lettsalta vatn to til fire minuttar.

* Ikkje kok dei for lenge for då vert dei daffe.

* Skyll med kaldt vatn slik at kokeprosessen sluttar.

* Kok opp vatn til risnudlane.

* Ha i litt olje.

* La dei koke i tre minuttar.

* Skjer opp basilikum, kvitlauk og ingefær i små bitar.

* Ha det i ei skål.

* Bland inn sitronsaft, olivenolje, honning, tamari og basilikum.

* Bland inn risnudlane og rør godt.

* Kutt opp reddik, gulrot, vårlauk og cashewnøtter.

* Fordel risnudlane på to tallerknar.

* Legg tre asparges på kvar tallerken.

* Strø over resten av ingrediensane.


  • Comments(2)//veggis.samaraga.com/#post92

Linsefrikadeller med cayenne og kanel

I pannaPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 16 Apr, 2012 21:18
I helga var eg på eit supert vegetarkurs med Hanna Skartveit på Ask kurssenter. Der laga vi mellom anna gulrotsuppe, indisk dal, søt grønsaksgryte, fennikelsteikte rotgrønsaker og nøttebollar med tomatsaus og spaghetti. Desse nøttebollane gav meg inspirasjon til å lage noko liknande, nemleg linsebollar, eller linsefrikadeller som eg har kalla dei her. (Sjølv om bloggen er skriven på nynorsk er det på tide at eg snik inn nokre ord frå farsmålet mitt, nemleg dansk).

Linsefrikadeller kan sikkert lagast på hundre ulike måtar, men her har eg laga ein kombinasjon av brune linser, sopp, lauk og poteter. Frikadellene passar bra både som lunsjmat/lett middag med salat og godt brød til, eller saman med spaghetti og tomatsaus. Couscous funkar sikkert også bra saman med linsebollane. Eit anna alternativ er å lage dei i staden for falafel.



1 lauk
1 stor potet
1 lita gulrot
200 gram brune linser (blautlegg dei i to timar på førehand)
5 sopp
1 teskei kanel
1 teskei cayennepepar
2 spiseskeier soyasaus
1 chili
sesamfrø
fersk basilikum er persille
1 teskei oregano
rasp eller et oppsmuldra sesamknekkebrød (type Ryvita)
salt
pepar
rapsolje


* Skyll linsene godt.
* Kok dei på middels varme i ca. 20 minuttar medan du gjer klar dei andre ingrediensane.
* Skrell poteta og kok den til den er mør.
* Skjer opp lauken og soppen og steik det i panna.
* Tilsett krydder.
* Hell vatnet av linsene.
* Bland alt saman i kjøkkenmaskin til du får ein slags postei.
* Ha i rasp om den er for mjuk.
* Bland inn sesamfrø.
* Varm opp steikepanna.
* Form deigen til små avlange ballar med to skeier.
* Steik i nokre minutt på den eine sida før du vender forsiktig om.

Raita:
3 dl sojayoghurt
1/3 agurk
1 fedd kvitlauk
1 teskei sennepsfrø
1 teskei koriander

* Skjer opp agurk og kvitlauk.
* Varm sennepsfrø og koriander i ei tørr panne, til det byrjar å lukte godt.
* Bland saman alle ingrediensane i ei skål.



  • Comments(1)//veggis.samaraga.com/#post87

Squashplettar med tzatziki

I pannaPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 27 Oct, 2011 14:50

I dag er eg i det greske hjørnet. Desse squashplettene passar godt som snacks, ein siderett eller som middag med ein fyldig salat til. Og dei smakar knakande lekkert om eg må sei det sjølv.


Ingrediensar:

1 squash

1 lauk

100 gram fetaost

1 spiseskje fersk persille

1 spiseskje fersk mynte

3 egg

200 ml solsikkeolje

salt og pepper


* Rasp opp squashen.

* Strø over litt salt.

* Bland tre egg i ein bolle.

* Press ut væska av squashblandinga.

* Tilsett alle ingrediensaane i eggeblandinga.

* Bland saman.

  • * Varm opp olje i ei stekepanne.
  • * Ta ei spiseskei av blandinga og legg det forsiktig i steikepanna.

* Steik plettane i eit par minutter til dei er gyldne.


Tzatziki

Ingrediensar:

1/2 agurk

3 fedd hvitløk

1 teskje vinedikk

150 gram yoghurt

100 ml olivenolje

1 spiseskje sitronsaft

1/2 spiseskje dill


* Fjern skinnet av agurken.

* Riv agurken.

* Press ut overskotsvatnet.

* Skjer kvitlauken i små bitar.

* Bland saman kvitløk og agurk med resten av ingrediensane.

* Pynt med dill.


  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post68

Haloumi med balsamicogrønnsaker og byggris

I pannaPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 20 Jun, 2011 19:50
Haloumi er ein nydeleg kypriotisk steikeost med ganske salt smak. Saman med saftige grønsaker, rømme og byggris er dette ein super sommarmiddag.


1 pakke haloumi
1 squash
1 paprika
1 kopp cherrytomatar
2 spiseskeier balsamicoedikk
1 spiseskei sukker
2 pakkar byggris
olivenolje
salt


* Kok byggrisen i ei panne med vatn.
* Skjer opp squash, paprika og cherrytomatar.
* Varm olivenolje i ei lita gryte.
* Ha i grønsakene sukkero og balsamicoediik.
* La det putre i 10 minutt.
* Rør om av og til.
* Skjer haloumien i tynne stykke.
* Varm litt olje på steikepanna.
* Steik haloumien på middels varme, om lag fem minutt på kvar side.
* Server grønsakene, byggris og haloumi på eit fat, gjerne med fersk oregano og ein liten klatt rømme.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post54

Gratinerte pannekaker med soppfyll

I pannaPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 08 Feb, 2011 17:29
Middagspannekaker kan lagast i mange ulike variantar, men soppfyll er nok min favoritt. Litt gratinering i ovnen gjer retten endå meir innbydande.


Pannekaker:

90 gram kveitemjøl
3 egg
2 dl mjølk
1 ss olivenolje
salt


Fyll:
2 sjalottlauk
2 kvastar vårlauk
2 fedd kvitlauk
2 spiseskeier fersk oregano
2 spiseskeier fersk basilikum
1 spiseskei
1/2 dl fløte
16 middels store sopp
olivenolje


ost til gratinering

* Visp saman egg og mjølk
* Bland egg og mjølk saman med mjølet og salt.
* Bland saman til alle klumpane forsvinn.
* Ha i olje og rør litt til.
* La røra stå i 20 minutt.

* Sett ovnen på 180 grader.

* Skjer opp lauk og kvitlauk.
* Steik det i panna med litt olje.
* Tilsett krydder og sopp. (Bruk 10 av soppane i sjølve fyllet)
* Når soppen og lauk er bruna, tilsett fløte.
* La det putre i fem minutt og sett til side.

* Steik opp pannekakene.
* Ha litt fyll i kvar pannekake, rull dei saman.
* Strø ost og persille over.
* Sett dei i ovnen i 10 minutt.
* Medan pannekakene står i ovnen, steik opp resten av soppen med litt olje og havsalt.
* Servér pannekakene med steikt sopp til.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post42

Grønsakspanne med quinoa og yoghurtsaus

I pannaPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 09 Jan, 2011 21:51



I dag testa eg quinoa for første gong. Botanisk sett er dette ei ettårig frøplante, men blir av mange rekna som ein kornsort fordi det brukast på same måte. Quinoa inneheld dobbelt så mykje protein som ris og er difor eit veldig bra produkt for veggisar. Konsistensen liknar ganske mykje på couscous. Eg har laga ei grønsaks-bønne-panne saman med quinoaen. Anbefalast!

1 lauk
2 fedd kvitlauk
1 gulrot
1 boks raude bønner på boks
1 purre
4 kvastar vårlauk
1 teskei spisskummen (cumin)
1 teskei karripulver
1 sylta jalapenopeppar (med eller utan frø, alt etter kor sterk du vil ha retten)
salt
pepar
olje


2 dl quinoa (Kan kjøpast mellom anna på ICA og på helsekostforretningar)

Yoghurtdressing:
5 spiseskeier yoghurt naturell
1 spiseskei sitronsaft
1 spiseskei majones
1 teskei spisskummen
salt
pepar


* Kok opp 4 dl vatn i ei kasserolle.
* Skyll quinoaen godt.
* Ha den i vatnet når det er kokt opp.
* La det koke under lokk i 10-15 minutt.

* Skjer opp lauk, kvitlauk og gulrot.
* Steik det i panna saman med litt olje.
* Skjer opp purre og vårlauk.
* Steik det saman med resten.
* Ha i krydder.
* Skyll bønnene godt og tilsett desse i panna.

* Rør saman yoghurt, sitronsaft, majones, spisskummen, salt og pepar i ei skål.


  • Comments(1)//veggis.samaraga.com/#post37

Heimlaga linseburger

I pannaPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 07 Jan, 2011 20:48
Veggisburger kan lagast enkelt med kjøpebrød og pulverburgerpakke. Men veggisburger kan også lagast frå grunnen av. Det gjorde eg i dag og det var definitivt verdt det.




Burgerbrød:
500 gram kveitemjøl
3 spiseskeier smør
2 egg (1 er til pensling)
50 gram fersk gjær
1 dl vatn, romtemperatur
2 dl mjølk, romtemperatur
3 spiseskeier sukker
salt
sesamfrø


Linseburger:
1 kopp raude linser
2 gulrøter
1 egg
75 gram hasselnøtter
1 teskei garam masala
1 teskei koriander
1 teskei gurkemeie

salt
sesamfrø

* Legg linsene i blaut minst fire timar før du skal lage mat. Det kan også gjerast om morgonen når du står opp.
* Bland saman mjøl og smør.
* Bland gjær ut i veska.
* Tilsett egg, sukker og salt.
* Elt saman deigen til den blir smidig.
* La den heve i 45 minutt.

* Skjer gulrøtene i bitar.
* Kok gulrøter og linser saman med litt vatn. La det koke i ca. 30 minutt.
* Ta av plata og sil av det resterande vatnet.
* Bland saman i food prosessor.
* Tilsett egg, krydder og hasselnøtter.
* La blandinga stå kaldt i ein halv time.

* Bak ut deigen til 8 bollar.
* Ideelt sett skal dei etterheve i 20 minutt, men dette er ikkje nødvendig.
* Pensl bollane med eit samanvispa egg og strø på sesamfrø.
* Steik bollane på 175 grader i ca. 15 minutt.

* Lag flate kaker av linseblandinga.
* Dypp dei i den piska eggeblandinga som du pensla bollane med.
* Dypp dei så i sesamfrø og steik dei på ei steikepanne med litt olje.

* Server burgerbrød og linsekaker med dressing, tomat, agurk, salat og det du ellers likar.




  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post36

Chilicouscous

I pannaPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 27 Nov, 2010 17:36
Couscous kan kombinerast med mykje. I denne oppskrifta har eg blanda ulike grønsaker i ein tomat-chilisaus.


1 lauk
2 fedd kvitlauk
2 gulrøter
1 paprika
1 boks raude bønner
1 terning grønsaksbuljong
1 kopp vatn
1 boks hakka tomatar
1 chili med frø
1 teskei basilikum
1 teskei oregano
2 teskeier persille

2 koppar couscous
1 spiseskei smør
1 teskei salt


* Kutt opp lauk og kvitlauk.
* Varm litt olje i panne og surr lauken og kvitlauken litt.
* Skjer opp dei andre grønsakene og putt i panna.
* Tilsett krydder, tomatar, bønner og buljong.
* La det putre i 15 minutt.

* Kok opp vatn og ha ei salt.
* Sett kasserolla til sides.
* Ha i couscous.
* La det stå i fem minutt.
* Rør rundt og tilsett smør.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post32

Linseburger med sopp og chili

I pannaPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 16 Oct, 2010 20:08
Linseburger er både sunt og utruleg godt. Brukar ein sopp og indiske krydder smakar linseburger ekstra digg. Linseburgerane passar også godt saman med heimlaga potetmos og litt salat.



2 koppar raude linser, blautlagte
1 lauk
2 gulrøter
2 fedd kvitlauk
5 stk. sjampinjong
1 kopp brødrasp
1 teskei garam masala
1 teskei chilipulver
4 spiseskeier fersk persille
1 spiseskei salt
pepar

3 egg

Hamburgerbrød
Salat
Tomatar
Agurk
Dressing
Lauk


* Skjer opp lauk, gulrøter, kvitlauk og sopp.
* Steik grønsaker og sopp i litt olje på ei steikepanne.
* Tilsett krydder, linser, brødrasp og litt vatn.
* Rør godt og la det steike i fem minutt.
* Sett det til sides og avkjøl.
* Bland inn egga.
* Form deigen i passelige burgarar.
* Steik den på panna, ca. 5 minutt på kvar side på middels varme.
* Skjer opp salaten, varm opp burgerbrøda og klask saman!

  • Comments(1)//veggis.samaraga.com/#post27

Fylte pannekaker

I pannaPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 17 May, 2010 22:06


90 gram kveitemjøl
3 egg
2 dl mjølk
1 ss olivenolje
salt

1/2 paprika
1 lauk
3 kvastar vårlauk
kruspersille
oregano
1 1/2 dl kremfløyte
ost



* Sett på ovnen til 200 grader.

* Visp saman egget og mjølka.
* Bland i salt, olje og mjøl til det blir ei passeleg pannekakerøre.
* Sett den i kjøleskapet.
* Kutt opp grønsakene og steik dei i panna med litt olivenolje.
* Spe på med kremfløyte og rør rundt.
* Klipp opp bitar med kruspersille og ha i steikepanna.
* Skjer opp små bitar ost og rør i.
* Putt grønsaksblandinga i ein bolle.
* Steik opp pannekakene.
* Fyll pannekakene.
* Legg dei i ei ildfast form.
* Strø ost og oregano på toppen og sett det i ovnen i fem minutt.


  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post10