Veggisbloggen

Veggisbloggen

***

Mange skulle ønske dei spiste mindre kjøtt. Andre har lyst til å slutte heilt. Denne veggisbloggen er meint som inspirasjon til deg som lurer på korleis ein kan lage smakfulle og mettande rettar av grønsaker, linser, nøtter, ris, pasta, bønner. Kort sagt all mat som ikkje inneheld noko som tidlegare har breka, rauta, kykkelikya eller grynta. Selamat makan!

Veggisbloggen er medlem av Matbloggsentralen

Du finn også Veggisbloggen på Twitter, Bloglovin og Facebook

Har du spørsmål eller innspel, send e-post til veggisbloggen@gmail.com
Har du lyst til å kjøpe kokeboka "Matmisjonen - ekte mat fra ti bloggere" som Veggisbloggen er med i? Klikk her

Pasta med paprika- og cashewnøttsaus

Pizza og pastaPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 12 Nov, 2012 10:08

I dag er det kjøttfri mandag. Med andre ord ei glitrande moglegheit til å prøve ut ein ny og spanande vegetarrett :-)

2 lauk

4 fedd kvitlauk

4 paprika

1 kopp cashewnøtter

2 kopper heilmjølk eller fløte

parmesan

fersk persille

Sett ovnen på 200 grader.

Skjær paprikaen i tre eller fire delar, etter lengda.

  • Fjern frøa i midten.
  • Legg paprikabitane utover ei bakeplate med aluminiumsfolie.
  • Trykk dei litt ned slik at de blir flatast mulig.
  • Grill paprikaen til skinnet blir svart.
  • Legg paprikabitane i ein plastikkpose i fem minutt.
  • Dampen vil gjere det lettare å flå av skinnet.
  • Flå av skinnet på paprikaen og mos den i ein blender eller ein food prosessor.
  • Tilsett cashewnøtter kjør maskinen et par minutter.
  • Kok opp pasta.
  • Skjer opp løk og hvitløk.
  • Steik det i ei panne med litt olje.
  • Tilsett paprika- og cashewblandinga.
  • Sett plata på middels varme.
  • Rør inn mjølka.
  • Smak til med salt og pepar.
  • Strø over parmesan og fersk persille.


  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post128

Brokkolipasta med oliven og soltørka tomatar

Pizza og pastaPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 26 Aug, 2012 19:38

Denne retten diska mannen i huset opp med tidlegare i veka. Ein smakfull rett som er god både varm og kald. Oppskrifta er henta frå "The Meatfree Monday Cookbook".

2 fedd kvitlauk

2 spiseskeier soltørka tomatar

1 brokkoli

1/2 kopp oliven

2 sjalottlauk

pasta

salt

pepar

olivenolje

parmesan

pinjekjerner

* Kok brokkolien til den er mør.

* Kok pastaen.

* Skjer opp lauk og kvitlauk.

* Steik det på middels varme.

* Skjer dei soltørka tomatane og oliven i små bitar.

* Tilsett dette i panna.

* Mos den kokte brokkolien i ein foodprosessor.

* Bland brokkolimosen saman med resten av ingrediensane.

* Bland dette inn i pastaen.

* Strø over parmesan og pinjekjerner.

* Hell over ein dæsj olje.

* Smak til med salt og pepar.

  • Comments(1)//veggis.samaraga.com/#post106

Squash-sopp-pasta

Pizza og pastaPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 19 Apr, 2012 20:14
Pasta med ostesaus finnast i uttalige variantar. Eg har funne ut at sopp og squash egnar seg ypperleg. Dette er ein lekker middag, perfekt til raudvin.



1 squash
10 sopp
2 kvastar vårlauk
2 fedd kvitlauk
1 kopp fersk persille
1/2 boks Philadelphia-ost
1 kopp parmesan
1/2 kopp mjølk
salt
pepar

350 gram pasta


* Kok opp ei kasserolle med vatn, litt salt og litt olje.
* Kok pastaen til den er ferdig.

* Skjer opp kvitlauk og vårlauk.
* Varm opp steikepanna med litt olje.
* Fres kvitlauk og vårlauk eit par minutt.
* Skjer opp sopp og squash.
* Tilsett dette i steikepanna.
* Strø over persille og bland inn.
* Rør Philadelphia-osten og parmesan inn i blandinga.
* Rør rundt og ha i mjølka til slutt.
* La det putre eit par minutt.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post88

Rødbetpasta med cashewnøtter

Pizza og pastaPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 29 Mar, 2012 20:14


Rødbet er ei flott grønsak. Den kraftige fargen er sjølvsagt spennande, men veit ein korleis ein skal bruke den, så smakar den utruleg godt også. Eg testa nyleg ei oppskrift basert på den danske kokeboka "Kirsten Skaarups grønne køkken", nemleg "rødbedepasta".


500 gram rødbeter
50 gram cashewnøtter
350 gram fullkorspasta
100 gram lauk
4 fedd kvitlauk
4 spiseskeier olivenolje
1 dl grønsaksbuljong
150 gram feta
oregano
salt
pepar

* Kok rødbetene til dei er møre.
* Skjer dei i små terningar.
* Rist cashewnøttene gyldne på ei tørr panne og sett dei til side.
* Kok pastaen og ha den klar til sausen er ferdig.
* Hakk lauk og kvitlauk, brun dei i panna i 4-5 minuttar.
* Tilsett rødbeter.
* Smak til med salt og pepar og hell over buljongen.
* Smuldre osten i panna og la den smelte litt.
* Tilsett eventuelt litt vatn.
* Bland pasta og saus.
* Strø over cashewnøttene og oregano.



  • Comments(2)//veggis.samaraga.com/#post84

Gnocchi med spinat, parmesan og ricotta

Pizza og pastaPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 04 Feb, 2012 17:25


I dag har eg laga italiensk kvardagskost, nemleg gnocchi. Ofte er det poteter i gnocchi, men denne oppskrifta er med spinat, parmesan, ricotta, mjøl og egg. Nydelege smaker som fekk meg til å lengte til Italia igjen :-)

(Oppskrifta er delvis henta frå kokeboka "The Meat Free Monday Cookbook".)




Til gnocchi:
500 gram fersk spinat, utan stilkar
1/2 lauk
250 gram ricotta
80 gram parmesan
60 gram mjøl
2 eggeplommer

Til tomatsausen:
1 spiseskei olivenolje
1 fedd kvitlauk
1/2 lauk
1 boks hakka tomatar
1 teskjei sukker
1 spiseskei fersk basilikum

parmesan på toppen

* Ha spinaten i ei stor panne.
* Sett på middels varme med lokk.
* La det stå til spinaten har sunke saman.
* Press ut mest mogleg væske.
* Kutt opp spinaten i bitar.

* Skjer opp lauken.
* Steik på middels varme i steikepanna.
* Tilsett spinaten og la det steike i to minutt.
* Sett til side og smak til med salt og pepar.
* Avkjøl.

* Tilsett ricotta, parmesan, mjøl og eggeplommer.
* Bland saman til du har ein passande deig.
* Avkjøl i ein time.

* Steik resten av lauken.
* Tilsett tomat og kvitlauk.
* La det putre medan du kokar gnocchien.

* Form gnocchideigen til små avlange ballar.
* Kok opp vatn med litt salt i.
* Legg gnocchibitane varsomt i når vatnet har kokt opp.
* La dei koke i ca. 3 minuttar eller til dei flyt opp til overflata.
* Servér med tomatsaus, eit dryss av parmesan og fersk basilikum.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post75

Minipizza

Pizza og pastaPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 02 Oct, 2011 20:46

Ofte brukar folk å ha mykje forskjellig fyll på pizzaen. Og ofte smakar det godt også. Men har du prøvd ein einspora pizza? Det er faktisk nydeleg. Særleg om ein lagar mange ulike minipizzaer med ulikt einspora fyll. I dag har eg laga ein med oliven, ein med squash, ein med cherrytomatar og ein med sopp. Alle har tomatsaus og brie i tillegg. Namm!



Pizzabotn:

8 dl kveitemjøl

2 dl lunka vatn

1 dl lunka mjølk

2 spiseskeier olje

1 egg

50 gram tørrgjær

salt


* Bland saman det tørre.

*Bland i resten og form ei smidig deig.

* La den heve i minst 1 time.


Tomatsaus:

2 fedd kvitlauk

1 lauk

1 boks hakka tomatar med basilikum

oregano

salt

pepar

olje


* Skjer opp lauk og kvitlauk.

* Varm opp ei steikepanne med litt olje.

* Tilsett lauk og kvitlauk.

* La det surre eit par minutt.

* Tilsett tomatane.

* La sausen putre i ca. 20 minutt.


Fyll:

Squash

sopp

Kalamata-oliven

cherrytomatar

Brie


* Skjer opp fyllet, husk å få ut vatnet frå cherrytomatane.


* Kjevl ut pizzadeigen til små pizzabotnar. Det skal vere plass til fire på eit brett.

* Smør på tomatsausen.

* Legg på eit fyll på kvar av pizzabotnane.

* Strø brie på toppen.

* Pensle kantane med olivenolje.


* Steik dei i ovnen på 250 grader i mellom 5 og 10 minutt.

* Følg nøye med så dei ikkje blir brent.




  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post65

Pastasalat med artisjokk og tomatar

Pizza og pastaPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 25 Jan, 2011 15:45
Pastasalat er nydelig lunsjmat. Moglegheitene er sjølvsagt mange, men eg likar kombinasjonen av pasta, nøtter og velsmakande grønsaker.




3 koppar kokte pastaskruar
1 spiseskei majones
1 spiseskei sitronsaft
1 teskei Dijon-sennep
1 boks hermetiske artisjokkhjerter
10 cherrytomatar
2 spiseskeier valnøtter
1 teskei persille
havsalt etter smak

* Bland saman pasta, majones, sitronsaft og sennep.
* Kutt opp artisjokk, tomatar og valnøtter.
* Tilsett persille og havsalt.
* Bland saman.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post40

Pasta Carciofo

Pizza og pastaPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 13 Jan, 2011 11:54
Då eg var på påskeferie i Roma for 8 år sidan, spiste eg så mykje artisjokk som eg aldri har gjort før. No har eg omsider byrja å bruke denne ingrediensen sjølv. Ferske artisjokkar er ikkje så lett å få tak i, men artisjokk på boks smakar faktisk nydeleg i pizza og pastarettar. Artisjokk på boks kan mellom anna kjøpast på ICA.



2 spiseskeier olivenolje
3 fedd kvitlauk
1/2 paprika
Ein nesten full kopp med soltørka tomatar i olje
1 boks artisjokkhjerter
1/2 kopp oliven (svarte eller grøne, alt etter ønske)
4 spiseskeier oregano
havsalt og pepar

250 gram pasta (til dømes: fullkornspenne)


* Kok opp pastaen.

* Skjer opp kvitlauk.
* Steik det i ei steikepanne med olje.
* Skjer opp paprika, soltørka tomatar, oliven og artisjokk og tilsett dette i steikepanna.
* La det surre i fem minutt.
* Tilsett krydder og salt.
* Bland saman fyllet med pastaen.
* Strø gjerne litt olje og havsalt på toppen.

Velbekomme!


  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post38

Den latterlig lettvinte, men dog så smakfulle pasta med soppsaus

Pizza og pastaPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 28 May, 2010 20:01
400 gram tagliatelle

400 gram sjampinjong

2 ss smør

1 boks cottage cheese

1 boks hakka tomatar

salt, pepar

ein kvast persille


* Kok pastaen.

* Skjer soppen i skiver og steik den i panna.

* Rør inn cottage cheese og hakka tomatar.

* La sausen koke i 5-10 minutt. Rør ofte så den blir jevn.

* Smak til med salt og pepar. Dryss persille over.


  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post13

Middelhavspizza med brie og ruccola

Pizza og pastaPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 08 May, 2010 11:08



Pizzabotn:

50 gram gjær
1 dl varmt vatn
1 dl mjølk
500 gram mjøl
1 egg
olje
salt


Tomatsaus:

4 teskeier tomatpuré
4 spiseskeier olivenolje
2 fedd kvitlauk
salt
pepar

Fyll:

1 lauk
1 paprika
8 sopp
10 oliven
1 stor brie

2 koppar kvitost
oregano
havsalt

ruccola

* Varm vatnet, rør i mjølka slik at blandinga blir lunka.
* Smuldr opp ferskgjæren i ein bolle og tilsett væske.
* Bland saman og rør i egget, mjøl + salt og pepar.
* Elt saman deiga og sett den til side.
* Dekk over bollen med ein kjøkkenhandduk.
* La deiga heve i ein time.

* Sett ovnen på 200 grader.

* Kutt opp kvitlauken i små bitar.
* Finn fram ei lita skål ha i tomatpuré, olje, kvitlauk, salt og pepar.
* Rør saman.

* Kutt opp lauk, paprika, sopp, oliven og brie.
* Kjevl ut pizzadeigen.
* Smør på tomatblandinga.
* Legg på skivene med brie.
* Fordel så resten av fyllet.
* Strø ost og oregano på toppen.
* Pensl deigkantane med olivenolje og strø på havsalt.

* Sett pizzaen i oven og la den stå til den blir gyllen.
* Ta den ut, hell på ei liten dæsj olje på kvart stykke.
* Strø litt ruccola på toppen.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post7