Veggisbloggen

Veggisbloggen

***

Mange skulle ønske dei spiste mindre kjøtt. Andre har lyst til å slutte heilt. Denne veggisbloggen er meint som inspirasjon til deg som lurer på korleis ein kan lage smakfulle og mettande rettar av grønsaker, linser, nøtter, ris, pasta, bønner. Kort sagt all mat som ikkje inneheld noko som tidlegare har breka, rauta, kykkelikya eller grynta. Selamat makan!

Veggisbloggen er medlem av Matbloggsentralen

Du finn også Veggisbloggen på Twitter, Bloglovin og Facebook

Har du spørsmål eller innspel, send e-post til veggisbloggen@gmail.com
Har du lyst til å kjøpe kokeboka "Matmisjonen - ekte mat fra ti bloggere" som Veggisbloggen er med i? Klikk her

Ratatouille

GryterettarPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 04 Dec, 2012 15:07

Ratatouille smakar nydelig med villris eller heimlaga potetmos. Om du et restane dagen etter at du har laga den, så smakar den enda betre!

Ein stor lauk
2 stenger selleri
1 kvitlauksfedd
200 gr. squash
150 gr. rå potet
200 gr. raud paprika
1 boks hakka tomatar
1 dl. olivenolje
2 ss. tomatpuré
2 ss. soyasaus
2 ts. timian
salt og pepper etter smak

* Skjer grønnsakene (ikkje tomatene) i små terningar.

* Steik dei porsjonsvis etter grønsakstype i olje i ei panne.

* Krydre med salt og pepar under fresinga.

* Hell dei stekte grønsakene i ei eiga gryte etter kvart.

* Ha i tomatane og litt meir olje.

* Smak til med salt, pepar og timian før servering.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post131

Bregnegryte

GryterettarPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 30 Jul, 2012 19:24
Etter ei lita feriepause, er eg tilbake igjen her på bloggen. Denne gongen med ei miks-og-triks-gryte som eg har kalla opp etter den fine bregna eg plukka med meg på veg heim frå jobb i dag. Gryta kan serverast med brød eller ris til.


1 lauk
5 sopp
solsikkeolje

1 boks hakka tomatar
1 boks kokosmjølk
1 kopp vatn

2 teskeier tandoori masala-krydder
2 spiseskeier tamarisaus (eller anne soyasaus)
1 spiseskei sitronsaft
1 spiseskei honning
1 teskei kanel
salt
pepar

1 squash
1 pakke fersk spinat

fersk koriander


* Kok opp risen.
* Skjer opp lauk og sopp.
* Varm opp litt olje i panna.
* Steik lauk og sopp i fem minuttar.
* Tilsett tandoori-krydder.
* Hakk opp squash i bitar og tilsett den.
* Tilsett resten av ingrediensane bortsett frå spinaten.
* La gryta putre på middels varme i 15 minuttar.
* Tilsett spinaten. Den fell fort saman.
* La det putre i fem minuttar til.
* Servér i skåler med ris til, pluss hakka fersk koriander på toppen.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post101

Marokkogryte

GryterettarPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 17 Jun, 2012 16:37
Denne oppskrifta er inspirert av ei oppskrift eg fann i den flotte boka Veggiestan. Der vert den kalla for ei suppe, men eg vil heller kalle det ei gryte. Tomat, kikerter, krydder og sitron er hovudingrediensane. Servér med godt brød til.


1 lauk

2 stilkar stangselleri

litt olje

1 teskei kanel

1 teskei fersk ingefær

1 teskei spisskummen

1 teskei paprikapulver

1 teskei tumeric

4 tomatar

1 kopp raude eller grøne linser

1 boks kikerter

2 koppar vatn

1 spiseskei tamarisaus (eller annan soyasaus)

1 spiseskei sukker

1 spiseskei mjøl

1 spiseskei sitronsaft

fersk persille

salt

* Skjer opp lauk og stangselleri og steik det i ei stor gryte på middels varme.

* Tilsett krydder, tomat, linser og vatn.

* La det koke opp.

* Tilsett kikertene.

* La gryta koke i minst 30 minuttar (til kikertene er møre).

* Tilsett soyasaus, sukker og salt.

* Bland mjøl og sitronsaft saman i ein liten bolle.

* Ta ein liten slant av suppa opp i sitron og mjølblandinga.

* Rør saman og helle det tilbake i den store gryta.

* Server med fersk persille og sitronbåtar.

  • Comments(2)//veggis.samaraga.com/#post98

Gulasj med rødbeter og cayennepepper

GryterettarPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 13 Jun, 2012 20:03
Nokon tenker at middagsbesøk ei god anledning til å servere det som ein veit smakar godt. I dag gjekk eg for ein litt annan vri og serverte nokon som eg aldri har laga før. Oppskrifta er inspirert av bønnegulasjen frå Kirsten Skaarups si kokebok "Grønne køkken", men skorzonerot vart bytta ut med squash og aubergin. Eg bytta også ut persillen med cayennepepper for å piffe det heile opp eit par hakk. Resultatet vart glimrande: Ein herleg gryterett med masse smak og farge.




1/2 kg rødbeter
1 lauk
2 fedd kvitlauk
300 gram gulrøter
300 gram poteter
4 spiseskeier olivenolje
1 paprika
1 squash
1 aubergine
4 dl grønsaksbuljong
1 boks svarte bønner
2 spiseskeier kveitemjøl
1 teskei spisskummen
1 teskei cayennepepper
1 spiseskei tamarisaus (eller anna soyasaus)
salt
pepar

rømme
ris


* Skrell rødbetene og del dei i to.
* Kok dei på middels varme i ca. 25 minuttar.
* Sett på risen.
* Skjer opp resten av grønsakene medan rødbetene kokar.
* Steik alle grønsakene i ei stor panne. Start med lauken.
* Skjer også opp rødbetene i bitar og tilsett dei i gryta.
* Tilsett buljongvatn, salt, pepar og krydder.
* La det småkoke i 10 minuttar under lok.
* Rør ut mjølet i litt vatn til du har ei jamning.
* Tilsett det i gryta og rør saman.
* Server gulasjen med ris, ein klatt rømme på toppen og litt bønnespirer.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post97

Italiensk caponata med heimlaga potetmos

GryterettarPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 28 May, 2012 15:13
Caponata er ein sur-søt siciliansk auberginerett. Den finnast i mange ulike variantar, men i denne oppskrifta brukar eg mellom anna oliven og rosiner for å få fram kontrastsmakane. Mange stader kan caponata brukast som ein siderett, men i denne varianten her, er det såpass mange ingrediensar at den egnar seg bra som ein hovudrett. Servér den gjerne med heimlaga potetmos. Det smakar kjempegodt!

2 auberginar

50 gram pinjekjerner

1 lauk

2 fedd kvitlauk


1 boks hakka tomatar

2 squash

2 teskeier kanel

1 spiseskei kvitvinseddik eller kryddereddik


50 gram oliven

50 gram utvatna rosiner

olje

* Skjer opp aubergin i terningar.

* Varm opp litt olje i ei panne og steik auberginane på høg varme i nokre minuttar.

* Hell auberginane over i ei stor panne.

* Rist pinjekjernene i panna, men pass på så dei ikkje blir svidd.

* Ha pinjekjernene i den store panna.

* Skjer opp lauk og kvitlauk.

* Steik det i olje i nokre minuttar.

* Ha det i panna.

* Skjer opp squash.

* Ha squash, tomatar, kanel, salt og pepar i gryta.

* La det putre i ca. 20 minuttar.

* Rør om av og til slik at det ikkje svir i botnen av gryta.

* Tilsett vatn om nødvendig.

* Tilsett eddik, rosiner og oliven.

* Retten skal vere sursøt.

* Smak til med salt og sukker.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post95

Chiligryte med ris og avocado

GryterettarPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 22 Apr, 2012 18:06

Inspirert av ei oppskrift i ei utgåve av bladet Vegetarian, laga eg ein veldig god middagsrett, chiligryte. Det fine med chiligryta er at ein kan stæsje den opp med masse tilbehør. Eg brukte avocado, rømme og reddik denne gongen, men vårlauk, purre eller agurk trur eg også egnar seg godt til denne retten.


2 fedd kvitlauk
1 sjarlottlauk
1/2 fersk raud chili
litt olje

1 paprika
1 boks svarte bønner
1 boks hakka tomatar
2 teskeier kajennepepper
1 spiseskei sukker
salt
1/2 kopp vatn

4 reddikar
1 lita boks rømme
2 avocado

byggris


* Kok risen.
* Skjer opp lauk, kvitlauk, chili.
* Varm opp steikepanna med litt olje.
* Surr lauk, kvitlauk og chili i to minutt.
* Skyll bønnene godt.
* Tilsett bønner, tomatar og paprika i steikepanna.
* La det putre i 10 minutt.
* Rør av og til.
* Tilsett vatnet samt krydder.
* Skjer opp reddikkane i tynne skiver.
* Skjer opp avocadoen.
* Servér risen og chiligryta i ein djup tallerken.
* Strø over avocado og reddik.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post89

Ovnsrett i haustfargar

GryterettarPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 17 Oct, 2011 12:49
Denne retten er resultatet av litt triksing og miksing. Utgangspunktet var ein gresk ovnsrett, men på grunn av at eg hadde andre ingrediensar i kjøleskapet, vart resultatet noko ganske anna. Men resultatet blei veldig vellykka. Eg har brukt ein nydeleg salatost frå den økologiske butikken Reindyrka i Bergen, men fetaost egnar seg nok også bra.




200 gram marinert salatost eller fetaost

1 gulrot

1 purre

1 boks kikerter

1 raudlauk

1 gul paprika

1 fedd kvitlauk

3 tomatar

olivenolje

griljermjøl

2 teskjeer rosmarin

salt

pepar


* Sett ovnen på 170 grader.

* Kutt opp grønsakene.

* Skyll kikertene.

* Bland saman kikerter, grønsaker og salatost i ein bolle. (minus tomatane)

* Tilsett krydder.

* Legg blandinga i ei ildfast form.

* Strø over dei opphakka tomatane, olje og griljermjøl.

* Sett retten i ovnen i om lag 45 minutt.

* Servér med ein god salat til.



  • Comments(1)//veggis.samaraga.com/#post67

Haustgryte

GryterettarPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 03 Sep, 2011 16:14


Hausten er ei fin tid synest eg. Snart kjem dei varme fargane i trea og ein kan sitte inne med ei god bok og eit pledd over knea. Drikke te. Tenne stearinlys.

Ein annan flott ting med hausten er alle grønsakene. Etter lang tid i jorda er dei no endeleg klar for å nytast. I Bergen har Erik Halvorsen eit utsal av økologiske grønsaker ved restauranten Hanne på Høyden kvar torsdag ettermiddag heile hausten. Dei er plukka frå åkeren på Lygra same dag. Gulrøtene er framleis fulle av jord. Det er der eg har kjøpt flesteparten av grønsakene som er i denne retten; ei lekker haustgryte med mykje smak og mange vitaminar.


1 lauk
2 fedd kvitlauk
2 spiseskeier fersk ingefær
1 squash
1 gulrot
1 fennikel
2 poteter
1/2 lilla knutekål

1 teskei chilipulver
1 teskei kanel
1 teskei kayennepepper
1 boks tomatar
1 kopp vatn


1 kvast fersk timian
1 boks raude bønner
litt olje
litt salt


* Skjer opp lauk, kvitlauk og ingefær.
* Varm opp ei panne med litt olje.
* Steik lauk, kvitlauk og ingefær i eit par minutt.
* Tilsett krydder og rør rundt.
* Skjer opp grønsakene i ganske små bitar.
* Tilsett dei i panna.
* La det steike i fem minutt.
* Tilsett tomatar og vatn.
* La alt putre i om lag 35 minutt.
* Rør undervegs så det ikkje brenn seg.
* Tilsett timian og bønner når det har gått 30 minutt.
* Servér med brød eller ris, eller et det som det er.







  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post62

Channa Channa

GryterettarPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 21 Aug, 2010 21:23
Denne retten laga eg nyleg og den viste seg å smake godt. Difor postar eg den her. Ei smakfull, ganske sterk kikertgryte som passar bra til ris. God middag!


3 koppar kikerter

1 stor lauk

3 fedd kvitlauk

1 boks hakka tomatar

1 boks kokosmjølk

2 teskeier Tandoori curry paste med tamarind og ingefær (f.eks. Pataks sin)

1 teskei cayennepepar

1 tekskei garam masala

1 teskei chilipulver

2 koppar vatn

3 spiseskeier olivenolje


ris


* Kutt og lauk, kvitlauk og ingefær.

* Varm opp olivenolje i ei steikepanne.

* Steik det du nett har kutta opp.

* Tilsett alt det andre.

* Rør i alt det andre.

* La det putre i 15 minutt.

* Servér med ris.



  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post19

Chili sin carne

GryterettarPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 13 Aug, 2010 21:21
Veggisversjonen av denne tex-mex-klassikaren er ein enkel men veldig god krydra middagsrett. Den funkar både saman med ris og saman med pasta.



1 lauk
2 fedd kvitlauk
1 squash
1 kvast brokkoli
1 gulrot
1 boks raude bønner
1 boks hakka tomatar
3 teskjeier malaysisk chilisaus (nb. Ikkje sweet chili)
1 teskei sukker
1 teskei soyasaus
salt

* Skjer opp grønsakene.
* Steik dei i ei panne.
* Tilsett bønner, tomatar, chilisaus, sukker og soyasaus.
* La det putre i 10 minutt under lokk.
* Server med pastaskruar eller ris.

  • Comments(2)//veggis.samaraga.com/#post17

Dal palak haloumi

GryterettarPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 08 Aug, 2010 21:19


I denne middagsretten har eg kombinert raude linser med spinat og den velsmakande gresk-kypriotiske geite-saue-osten. Serverast med nylaga ris.


* 2 koppar raude linser
* 1 lauk
* 2 fedd kvitlauk
* 1 raud chili
* 4 koppar vatn
* 1 boks tomatar
* 3 koppar spinat
* 1 grønsaksbuljong
* 1 teskei cayennepepper
* 1 spiseskei tandoori masala
* 1 teskei koriander
* 1 lime
* 1 teskei tandooripaste
* 3 spiseskeier olivenolje
* 1/2 pakke haloumi (Kan kjøpast på Global Foods i Bergen og sikkert mange ulike frukt-og grøntbutikkar i andre delar av landet)
* salt og pepar


* Legg linsene i blaut i minst 5 timar før du lagar maten.
(Lurt å huske til frukost før du går ut)
* Kutt opp lauk, kvitlauk og chili.
* Tilsett dette samt spinat,tomat krydder og lime.
* La det putre i 15 minutt.
* Skjer haloumien i små bitar og steik dei i ei panne med olivenolje.
* Strø haloumibitane i linsegryta og servér med ris til.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post16