Veggisbloggen

Veggisbloggen

***

Mange skulle ønske dei spiste mindre kjøtt. Andre har lyst til å slutte heilt. Denne veggisbloggen er meint som inspirasjon til deg som lurer på korleis ein kan lage smakfulle og mettande rettar av grønsaker, linser, nøtter, ris, pasta, bønner. Kort sagt all mat som ikkje inneheld noko som tidlegare har breka, rauta, kykkelikya eller grynta. Selamat makan!

Veggisbloggen er medlem av Matbloggsentralen

Du finn også Veggisbloggen på Twitter, Bloglovin og Facebook

Har du spørsmål eller innspel, send e-post til veggisbloggen@gmail.com
Har du lyst til å kjøpe kokeboka "Matmisjonen - ekte mat fra ti bloggere" som Veggisbloggen er med i? Klikk her

Ferske vårrullar med chilipeanøttsaus

Thai og vietnamesiskPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 27 Oct, 2012 18:16
Du har sikkert smakt friterte vårrullar, men har du smakt ferske? Vårrullar som ikkje er steikt i olje egnar seg veldig godt som forrett eller som ein herleg helgelunsj. Skjer grønsakene i så tynne skiver som mogleg, då er det lettast å forme vårrullane.



Til risnudlane:

1 gulrot

1/2 squash

1/2 purre

5 cm fersk ingefær

ein handfull ferske bønnespirer

1 egg


100 gram risnudlar

8 stk rispapir til vårrullar

Til sausen:

1 teskei peanøttsmør

1/2 teskei sambal oelek (malaysisk chilisaus)

1 fedd kvitlauk, kuttta smått

1 spiseskei vatn

1 spiseskei sojasaus

1 teskei sukker


* Legg risnudlane i varmt vatn i ca. 30 minuttar.

* Legg bønnespirene i kokande vatn i fem minuttar.

* Kutt opp grønsakene i tynne strimlar.

* Kutt ingefær så smått som du kan.

* Varm ei panne på middels varme med litt olje.

* Lag eggerøre av egget (Tilsett gjerne ei spiseskei vatn og litt salt.)

* La eggerøra avkjøle og skjer den i striper.

* Legg eit og eit rispapir i ei djup skål med kokvarmt vatn i ca. 20 sekund.

* Legg rispapiret på ei fjøl og legg grønnsaksfyll, ingefær og risnudlar i midten.

* Fold kanten over fyllet, fold inn sidene og rull den saman så stramt som mogleg.

* Gjenta same prosedyre med resten.

* Legg dei på ein tallerken med eit fuktig kjøkkenhåndkle over heilt til du skal spise dei.

* Hakk opp kvitlauken og bland saman ingrediensane til sausen i ei skål.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post123

Thaiblomkålsuppe med kokosmjølk og søtpotet

Thai og vietnamesiskPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 29 Sep, 2012 19:20
Blomkål er ei flott grønsak, men altfor ofte endar blomkålen opp i ei daff blomkålsuppe utan særleg smak. Det blomkål verkeleg bør brukast til, er krydra rettar med indisk eller thailandsk snert. I denne suppa har eg brukt søtpotet, currypaste, kokosmjølk og relativt mykje chili.



1 lauk

3 fedd kvitlauk

5 cm ingefær

2 søtpoteter

1 raud chili

1 teskei grøn currypaste


1 glas vatn

1 blomkål

100 gram haricots verts/brekkbønner

2 boksar kokosmjølk

2 spiseskeier sojasaus

1 spiseskei sukker

1/2 lime

salt

* Skjer opp lauk, kvitlauk, ingefær, søtpotet og chili.

* Steik det i en panne med litt olje på middels varme i ca. fem minuttar.

* Tilsett currypaste og kokosmjølk.

* La det putre til søtpotetbitane blir møre.

* Bland suppa i foodprosessor til du får ei jevn blanding.

* Skjer opp blomkålen i små bukettar.

* Hell suppa tilbake i panna.

* Tilsett blomkål, brekkbønner og vatn.

* Bland inn sukker, salt, lime og sojasaus.

* Smak på sausen og tilsett eventuelt litt meir salt eller sojasaus.

* La suppa putre til blomkålen er mør.

  • Comments(2)//veggis.samaraga.com/#post116

Pad thai

Thai og vietnamesiskPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 09 May, 2010 20:18

Pad thai er ein klassisk thailandsk gatematrett. Eg har mange gode minner frå varme dagar i Bangkok der eg står og ventar på at middagen har frest seg ferdig i wokpannekjøkkenet på hjul.

1/2 pakke risnudlar

3 fedd kvitlauk

2 teskeier soyasaus

3 koppar ferske bønnespirer

1 egg

5 stilkar vårlauk

1 raud chili

1/2 blokk tofu

2 spiseskeier sesamolje

1/2 kopp peanøtter

1 teskei tamarindpaste

2 spiseskeier fiskesaus (eller soyasaus)

2 teskeier sukker (helst brunt sukker)

5 spiseskeier olje

* Legg risnudlane i ein bolle med kokande vatn.
* Kutt opp kvitlauk, vårlauk, tofu, chili og peanøtter.
* Legg tofuen i ei skål med sesamolje og tre spiseskeier olje.
* Bland saman.
* Varm opp den resterande oljen i ei wokpanne.
* Ha i peanøttene og la dei frese i eit par minutt.
* Ta dei ut av panna og legg dei i ei skål.
* Ha i kvitlauk, vårlauk, chili og halvparten av bønnespirene i wokpanna.
* La det frese.

* Bland saman tamarindpaste, fiskesaus og sukker i ei skål.
* Hell risnudlane i wokpanna saman med det som allereie fresar der.
* Hell så over sausen samt tofubitane.
* Rør godt og fres vidare.

* Skufl alt i wokpanna over i eine sida av wokpanna.
* Knus egget på kanten av panna og hell det på den sida som no har ledig plass.
* Bland det fort saman slik at du får ei slags eggerøreaktig blanding.
* Bland det saman med resten av innhaldet i wokpanna.

* Servér på ein tallerken.
* Strø over dei rista peanøttbitane og resten av bønnespirerene.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post9

Thaiwok med tofu

Thai og vietnamesiskPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 02 May, 2010 22:20

Thaiwok er ein av mine desiderte favorittar. Det er enkelt å lage, og så smakar det utruleg godt. Har du i tofu, blir retten også veldig mettande.

Slik lagar du tofu:

Tofu i seg sjølv smakar veldig lite, så det er viktig å marinere tofuen før ein steiker den. For eit godt resultat er det også veldig viktig å trykke ut mest mogleg av veska i tofuen.

* Legg tofublokka på eit kjøkkenpapir.

* Trykk ut så mykje vatn du klarer med kjøkkenpapiret utan å øydelegge tofuen.

* Bland 1 dl olje og 3 spiseskeier soyasaus i ei lita boks.

* Tilsett salt og pepar og bland saman.

* Skjer opp tofuen i bitar på storleik med ein terning.

* Legg tofubitane i oljeblandinga.

* Legg loket på boksa og rist den slik at alle tofubitane er dekka i marinaden.

* La tofuen stå i kjøleskåpet i 10 minutt.

* Varm ei steikepanne med litt olje.

* Legg tofubitane forsiktig i steikepanna.

* Steik dei gyldne på alle sider.

Woken:

2 spk. olje

1 raudlauk

Eit stykke fersk ingefær

2 fedd kvitlauk

2-3 teskeier grøn curry paste

1 paprika

1 liten brokkoli

2 spk. fiskesaus (eller soyasaus)

1 boks kokosmjølk

1 lime

Ein handfull cashewnøtter

Ris

----------------------------------------


* Skjer opp løk og ingefær. Sett samtidig på risen.

* Varm opp wokpanna. Ha i olje, løk, ingefær og ”paste”

* La det steike i ca. 3 minutt

* Ha i grønsakene, kokosmjølk, fiskesaus og lime.

* Smak, er sausen for svak, ha i meir paste og fiskesaus.

* La retten putre til risen er ferdig.

* Servér i djupe middagstallerkenar, og strø cashewnøtter og tofubitar til slutt.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post6