Veggisbloggen

Veggisbloggen

***

Mange skulle ønske dei spiste mindre kjøtt. Andre har lyst til å slutte heilt. Denne veggisbloggen er meint som inspirasjon til deg som lurer på korleis ein kan lage smakfulle og mettande rettar av grønsaker, linser, nøtter, ris, pasta, bønner. Kort sagt all mat som ikkje inneheld noko som tidlegare har breka, rauta, kykkelikya eller grynta. Selamat makan!

Veggisbloggen er medlem av Matbloggsentralen

Du finn også Veggisbloggen på Twitter, Bloglovin og Facebook

Har du spørsmål eller innspel, send e-post til veggisbloggen@gmail.com
Har du lyst til å kjøpe kokeboka "Matmisjonen - ekte mat fra ti bloggere" som Veggisbloggen er med i? Klikk her

Pai med artisjokk og brokkoli

PaiPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 25 Nov, 2012 18:44

No er det lenge sidan vi har hatt pai til middag, så no var det på tide å pønske ut ein ny variant. Eg prøvde meg på ein artisjokk- og brokkolipai. Det viste seg å vere stor suksess!



Deigen
250 gram kveitemjøl
100 gram plantemargarin eller Bremykt
ca. 2/3 kopp kaldt vatn

* Bland mjøl og salt og smuldre smøret.
* Tilsett vatn elt saman til deigen er smidig.
* Legg deigen i kjøleskapet i ca. 30 minutt.
* Sett ovnen på 200 grader.
* Kjelv ut deigen og ha den i ei paiform.
* Prikk i botnen med ein gaffel.
* Steik botnen i eit kvarter.

Fyllet
1 liten brokkoli
1 stk. vårlauk

1 boks artisjokkhjerter
1 boks mager kesam
3 økologiske egg

1 dl mjølk
oregano

majoram

salt

pepar
nok ost til å dekke toppen av paien

* Skjer opp vårlauk og brokkoli.

* Sil væska av artisjokkhjerta, trykk lett ut vatnet som er inne i dei slik at paien ikkje blir blaut.

* Skjer artisjokkane i to på tvers.
* Bland saman med egg, mjølk, kesam og krydder.

* Bland saman grønsakene og eggeblandinga.

* Høvl ost og dekk toppen med det.
* Ha fyllet i paiforma og steik i ca. 30 minutt.


Servér gjerne med ein tomatsalat.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post130

Karamellisert løkpai

PaiPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 08 Sep, 2012 17:01
Pai er både nydeleg helgemat, gjestemat og lunsjmat. Eg hadde mykje løk igjen i kjøleskapet og tenkte at løkpai var ein fin måte å få brukt opp dette på. Etter eit søk på google fann eg ulike variantar av pai med karamellisert løk, altså løk som er surra såpass lenge at den blir mjuk og søt av seg sjølv. I denne oppskrifta har eg i tillegg balsamicoeddik og squash, ein super kombinasjon viste det seg.


125 gram smør
3 dl kveitemjøl
2 1/2 ss kaldt vatn

/eller ferdig filodeig


300 gram løk (både raud og gul kan brukast)

1 spiseskei balsamicoeddik
200 gram squash

3 fedd kvitløk

3 egg

50 gram ost

1/2 glas mjølk

1 1/2 spiseskei mjøl

1 teskei timian

salt

pepar

* Varm ovnen på 180 grader.

* Trykk paideigen utover i ei paiform.

* Prikk hol i botnen med gaffel.

* Forsteik paideigen i ca. 10 minuttar.

* Skjer opp løken i strimlar.

* Varm litt olje på panna og steik løken på lav til middels varme i ca. 20 minuttar.

* Tilsett ei spiseskei balsamicoeddik.

* La det surre ved lav varme i 10 minuttar til.

* Høvl opp squashen i tynne, smale skiver.

* Kutt opp kvitløken.

* Surr squash og kvitløk i litt olje i ei panne i ca. 5 minuttar.

* Bland saman egg, mjølk, mjøl og ost i ein bolle.

* Tilsett timian, salt og pepar.

* Legg squash og kvitløk i paiforma.

* Legg så i løken.

* Hell over eggeblandinga.

* Steik paien i ca. 30 minuttar eller til eggeblandinga har stivna.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post111

Minipaiar med sopp og paprika

PaiPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 27 May, 2012 12:08
Det er nydeleg sommarvêr her i Bergen for tida. Og i tillegg har vi fått beisa verandaen og kjøpt møblar. Kva passar vel betre enn å invitere gode venner til middag i solsteiken? Til slike middagsbesøk likar eg godt å lage ulike smårettar, slik at ein kan sitte å plukke litt utover kvelden i staden for å bli ferdig med etinga på 20 minuttar. I tillegg til bruschetta, salat og ovnsbakte poteter, laga eg desse gode minipaiane. Ein kan sjølvsagt variere fyllet med andre grønsaker, men sopp og paprika viste seg å vere ein bra kombinasjon.

500 gram sopp
2 fedd kvitlauk
1 raud paprika
2 dl rømme
3 ts sennep
60 gram ost
10 plater butterdeig
1 økologisk egg


* Forvarmn ovnen til 200 grader.
* Legg på ein bakepapir på steikebrettet.
* Skjer opp sopp og kvitlauk.
* Surr det i ei panne på middels varme til soppane er møre.
* Sett panna til side og avkjøl.
* Skjer opp paprika og bland inn.
* Bland rømmen, sennep og ost saman i ein bolle.
* Kjelv ut butterdeigsplatene, skjer av alle fire hjørna slik at du får ti like store "sirklar". (Det gjer ikkje noko om dei blir litt ovale.)
* Plassér ei butterdeigsplate på steikebrettet.
* Legg rømmeblandinga på den eine sida, la det vere igjen ein kant på cirka 1 cm.
* Tilføy på soppblandinga.
* Legg på ei utkjevla butterdeigsplate over.
* "Lukk" paien ved å trykke på ytterkantane med ein gaffel.
* Pensle pailokket med egg.
* Steik paiane i 20 minutt til dei er lysebrune.



  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post94

Spinatpai

PaiPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 30 Jan, 2011 18:42

Spinatpai smakar supert både til middag og lunsj. Det egnar seg også godt som ein av rettane på eit tapasbord. Tofu er kanskje ikkje så vanleg å bruke i pai, men passar ypperleg saman med spinat.


Paideig:
225 gram kveitemjøl
100 gram margarin eller smør
1/2 teskei salt
1 spiseskei sitronsaft
ca. 4 spiseskeier kaldt vatn



Fyll:
1 lauk
3 fedd kvitlauk
2 stilkar vårlauk
250 gram fersk spinat
100 gram tofu
50 gram kvitost
1/2 kopp mjølk
3 egg
1 teskei persille
2 teskeier basilikum
salt og pepar
sesamfrø


* Sett ovnen på 180 grader.
* Smuldre smør i mjølet
* Tilsett salt og sitronsaft
* Tilsett vatnet forsiktig. Prøv gjerne tre spiseskeier vatn først og sjå om det er nok væske. Tilsett ei spiseskei til om nødvendig.
* Form det til ei deig.
* Legg i ein plastikkpose og la den ligge i kjøleskapet i 30 minutt.
* Ta ut deigen frå kjøleskapet og press den utover ei paiform.
* Prikk med gaffel over heile flata.
* La paibotnen stå i ovnen i ca. 10 minutt.
* Ta den ut og la den kjølne medan du lagar fyllet.

* Finhakk lauk, kvitlauk og vårlauk.
* Steik det i ei panne med litt olje.
* Tilsett opphakka spinat, tofu og kvitost.
* La det surre til spinaten har fallt saman.
* Tilsett krydder.
* Pisk saman egg og mjølk i ein bolle.
* Bland inn grønnsaksblandinga.
* Strø over sesamfrø.
* La paien steike i ovnen i 30-40 minutt.
* Servér med ein god salat.


  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post41

Purrepai med tomatsalat

PaiPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 30 Oct, 2010 12:05
Pai finnast i veldig mange variantar. Eg har funne ut at kesam, ost og egg gir eit godt resultat. Grønsakene kan gjerne varierast, men pass på at du ikkje brukar grønsaker med altfor myke vatninnhald (t.d squash eller tomat med innmat). Då blir paien vassete.

Pai egnar seg veldig godt om ein skal ha gjestar. Serverer ein salat og spinateggerøre, er det nok til fire.


Og har du ingen planar om å ha gjestar med det første, egnar pai seg også supert som lunsjmat!



Deigen
250 gram kveitemjøl
75 gram sammalt, grov kveitemjøl
125 gram plantemargarin
2/3 kaldt vatn

* Bland mjøl og salt og smuldre smøret.
* Tilsett vatn elt saman til deigen er smidig.
* Legg deigen i kjøleskapet i ca. 30 minutt.
* Sett ovnen på 200 grader.
* Kjelv ut deigen og ha den i ei paiform.
* Prikk i botnen med ein gaffel.
* Steik botnen i eit kvarter.

Fyllet
1 purre
1 lauk
3 fedd kvitlauk
1 boks mager kesam
3 økologiske egg
oregano
3 spiseskeier parmesan

sesamfrø

* Skjer opp purre, lauk og kvitlauk.
* Bland saman med egg, kesam og krydder.
* Ha fyllet i paiforma og steik i ca. 30 minutt.
* Strø over sesamfrø.

Servér gjerne med ein tomatsalat.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post28