Veggisbloggen

Veggisbloggen

***

Mange skulle ønske dei spiste mindre kjøtt. Andre har lyst til å slutte heilt. Denne veggisbloggen er meint som inspirasjon til deg som lurer på korleis ein kan lage smakfulle og mettande rettar av grønsaker, linser, nøtter, ris, pasta, bønner. Kort sagt all mat som ikkje inneheld noko som tidlegare har breka, rauta, kykkelikya eller grynta. Selamat makan!

Veggisbloggen er medlem av Matbloggsentralen

Du finn også Veggisbloggen på Twitter, Bloglovin og Facebook

Har du spørsmål eller innspel, send e-post til veggisbloggen@gmail.com
Har du lyst til å kjøpe kokeboka "Matmisjonen - ekte mat fra ti bloggere" som Veggisbloggen er med i? Klikk her

Kjøp Matmisjonen på nett!

MatmisjonenPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 04 Oct, 2012 12:24

Kokeboka "Matmisjonen - ekte mat fra ti bloggere" som Veggisbloggen er med i, er no å få kjøpt i mange av landets bokhandlarar. Men bur du i grisgrendte strøk, eller av andre grunnar kunne tenke deg å bestille boka på nett, så kan du bruke linken her. Eg får litt provisjon av salget som går via denne linken, så det er sjølvsagt kjekt for meg også:-)

Ha ein strålande dag!



  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post117

Matmisjonen er ute!

MatmisjonenPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 23 Sep, 2012 20:32
På torsdag kunne vi endeleg feire at kokeboka "Matmisjonen - ekte mat fra til bloggere" no er ei ekte bok! På lanseringsfesten på Gaasa i Oslo vart det mellom anna servert Tingvoll-ost, vin frå Non Dos, nydeleg brød + to supper. Den eine var mi squash- og potetsuppe som du også kan finne i kokeboka.


Hanne har gjort ein fabelaktig jobb med kokeboka og eg er ikkje i tvil om at Matmisjonen kjem til å spre masse matglede!

Kokeboka er å finne i bokhandlarar landet over frå i morgon av. Det blir også moglegheit for å bestille den her gjennom bloggen min i løpet av neste veke. Mer info om dette kjem snart.


  • Comments(1)//veggis.samaraga.com/#post114

Kokebokcover!

MatmisjonenPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 01 Jul, 2012 18:43

Eg har tidlegare fortalt at eg skal vere med i ei kokebok. No nærmar det seg dagen der boka vert sendt i trykken, og i september kjem den ut for salg.

Hanne har gjort ein strålande jobb med å ta bilde av maten og setje saman boka. Ein snik-kikk på boka lovar veldig bra og ein kan vel trygt seie at det blir ei inspirerande kokebok med mykje matglede.

Forsida av boka ser du nedanfor. Eg kjem med meir info om kokeboka etter sommarferien.

God sommar!

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post100

Kokeboka tek form!

MatmisjonenPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 26 Mar, 2012 21:51


I helga var eg ein tur til Oslo. Ein viktig del av turen var besøket hos Hanne frå Matmisjonen. For som ein del sikkert har fått med seg, så skal Veggsibloggen vere med i ei kokebok. Boka har førebels tittelen “Matmisjonen – 10 matbloggere om ekte mat” (eller kanskje “Matmisjonen – ekte mat fra 10 bloggere”?) og kjem ut på Cappelen Damm i september.

I tillegg til ein god prat med Hanne, og omvisning i kjøkkenet og fotostudioet, var det også duka for fotoshoot (av meg)! Eg er spent på korleis bilda tek seg ut i boka, men det er i alle fall morosamt å vere med prosessen med å lage kokebok:-) Det er mykje som må gjerast for boka er mellom to permar, men eg er heilt sikkert på at det blir ei super bok som kjem til å spre mykje matglede.

Sjekk ut dei andre bloggarane her: Lekkermunn, Kraft Byrå, Mat på bordet, Kjøkkentjeneste, Hobbykokken, Palatist, Restemat og Ordentlig mat

På Matmisjonen sin blogg kan du lese litt meir om prosjektet.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post83