Veggisbloggen

Veggisbloggen

***

Mange skulle ønske dei spiste mindre kjøtt. Andre har lyst til å slutte heilt. Denne veggisbloggen er meint som inspirasjon til deg som lurer på korleis ein kan lage smakfulle og mettande rettar av grønsaker, linser, nøtter, ris, pasta, bønner. Kort sagt all mat som ikkje inneheld noko som tidlegare har breka, rauta, kykkelikya eller grynta. Selamat makan!

Veggisbloggen er medlem av Matbloggsentralen

Du finn også Veggisbloggen på Twitter, Bloglovin og Facebook

Har du spørsmål eller innspel, send e-post til veggisbloggen@gmail.com
Har du lyst til å kjøpe kokeboka "Matmisjonen - ekte mat fra ti bloggere" som Veggisbloggen er med i? Klikk her

Dagens blogganbefaling: Mat på bordet

Mine favorittbloggarPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 08 Dec, 2012 17:51

I dag er det tid for ei blogganbefaling. Eg har nemlig byrja å lage eltefritt brød.

Det tek litt tid frå start til ferdig brød, men du treng jammen ti ikkje gjere spesielt mykje sjølv. Og resultatet er rett og slett nydeleg. Luftig og saftig inni, men med ei sprø og god skorpe. Gå til innkjøp av ei gryte du også og test ein av dei over 50 variantane av eltefritt brød som du finn hos Mat på Bordet !

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post132

Kokebokanbefaling: Pure vege

Mine favorittbloggarPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 04 Nov, 2012 20:56

I dag kom eg over ein veldig flott veggisblogg. Oppskriftene er hovudsakleg indiskinspirerte, og fotografia er utrulig inspirerande. Lista over fristande søtsaker er også fyldig og fin.

Lakshmi har lagt opp bloggen sin på ein litt original måte. Ho har mellom anna laga postar om krydder, der ho fortel kva krydder ho brukar, kva det er og korleis ho brukar dei. Den finske kokken, fotografen og bhakti-yogaen har også komponert ulike menysamansetningar, slik som denne haustlunsjen. Ein god idé som eg vil ta med meg vidare.


Sjekk ut: Pure Vegetarian by Lakshmi

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post125

Blogganbefaling: My new roots

Mine favorittbloggarPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 21 Oct, 2012 21:28
I dag har eg funne ein ny blogg som eg gladeleg kan legge til i lista over favorittbloggar. Det kan hende at du kjenner til den (,bloggen har nemleg over 24.000 tilhengarar på Facebook), men eg hadde altså ikkje høyrt om "My New Roots" før.


Kvinna bak bloggen er vegetarkokken Sarah Britton som for tida jobbar for Noma sitt testkjøkken i København. Bilda ho tek er ekstremt flotte og oppskriftene ser veldig spennande ut. Kva med å teste ut quinoa-sushi, rabarbra- og aprikosmuffins, grønnkålschips eller kanskje søtpotet-hummus?

My New Roots

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post122

Dagens tips: Matbloggsentralen

Mine favorittbloggarPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 02 Sep, 2012 13:04

Har du ikkje oppdaga Matbloggsentralen enda? Då er det absolutt på tide. På litt over eit år har Ina-Janine Johnsen og Ina Shelby klart å samle over 400 norske matbloggarar og over hundre norske og danske matbloggarar på ei side. I tillegg til å formidle vekesmenyar og restaurantanbefalingar, har dei konkurransar med ulike tema som synleggjer dei fantastisk mange fabelaktige oppskriftene som er lagt ut på den store verdsveven.

Ta deg ein kikk og bli matinspirert!

http://www.matbloggsentralen.com

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post109

Blogganbefaling: Sprouted kitchen

Mine favorittbloggarPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 03 Aug, 2012 17:17


Sitronpannekaker med blåbær, balsamicorista rotgrønnsaker med spinatsaus, thailandsk nudelsuppe eller scones med dadlar og pecannøtter. Høyrest dette fristande ut? Då er eg sikker på at du vil like bloggen Sprouted kitchen.

Dei to matentusiastane bak bloggen heiter Sara og Hugh Forte. Paret er veldig opptatt av å bruke sesongens grønnsaker og målet er å lage sunn mat som smakar supert. Ein stor bonus for oss matblogglikarar, er at denne bloggen har nydelege matbilde. Dei inspirerer og får i alle fall meg lyst til å lage meir mat!


p.s 1:I år har Sara og Hugh også komt ut med kokebok. Den heiter også "Sprouted kitchen" og ser riktig så fin ut.

p.s 2: Har du tips til andre matbloggar som er vegetariske, legg gjerne igjen ein kommentar i kommentarfeltet, eller send e-post til veggisbloggen@gmail.com




  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post102

Dagens bloggtips: Sometimes I "Veg"

Mine favorittbloggarPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 20 Feb, 2012 20:34

Eg kom over ein fin veggisblogg i dag. Den heiter Sometimes I "Veg" og er skrive av kanadiske Miriam. Ho har mellom anna oppskrifter på smoothie, supper, salatar, pizza, frukosttips og dessert. Eg vart sjølv frista av squashmuffins. Ein dobbel hummussandwich såg heller ikkje så verst ut!

Bloggen finn du her:

http://sometimesiveg.com/


  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post77

Dagens bloggtips: Månebarnet

Mine favorittbloggarPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 07 Jan, 2012 15:01


Det finnast mange vegetarbloggar rundt om på nettet. Det krev berre litt arbeid for å finne dei som er virkelig gode. I dag har eg komt over "Månebarnet", ein dansk veganblogg. Luna, kvinna bak bloggen har mange gode oppskrifter. Eg har til dømes veldig lyst til å prøve spinattærter, tahinstekt tofu med aubergine, eller kanskje hokkaidosuppe.

At "Månebarnet" vart kåra til Danmark sin beste matbloggar i 2011, er ikkje vanskeleg å forstå!

I tillegg til oppskriftene skriv Luna også om sunnheit, økologi, miljø og gjenbruk.

Ta ein kikk på bloggen hennar og bli inspirert:

http://hijaluna.wordpress.com/

  • Comments(2)//veggis.samaraga.com/#post74

Et grønsakene dine!

Mine favorittbloggarPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 01 Nov, 2011 21:08

I dag kom eg over ein fin blogg. Den heiter "Eat you vegetables" og har mange fine vegetariske oppskrifter. Både frukost, pastarettar, supper og søtsaker finnast i reportoaret.


http://www.eatyourvegetable.com

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post70

Ein bittersøt blogg

Mine favorittbloggarPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 11 Oct, 2011 19:57


Tenkte berre eg ville kome med ei aldri så lita blogganbefaling.

Kvinna bak bloggen, Hanna Kaminsky, har gitt ut fleire kokebøker.
Hovudsakleg er dette kokebøker om søtsaker, men på bloggen sin har ho mat i alle slags kategoriar.

Kva med heimlaga kvitlauks-pitachips eller marrokansk grønnsaksstuing?
Eg skal i alle fall teste ut oppskriftene på Kaminsky sin blogg:


http://bittersweetblog.wordpress.com


  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post66

Dagens tips: Veggie Belly

Mine favorittbloggarPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 11 Aug, 2011 22:51


Eg kom over ein fin vegetarblogg i dag. Den heiter http://www.veggiebelly.com

Her finn du mange flotte indiske rettar, men også thai, indonesisk, brasiliansk, sør-afrikansk og afghansk mat.

Rettane er godt forklart og der er veldig mange fine foto.
Ta ein kikk og bli inspirert!


  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post59

Dagens tips: Tea & Cookies

Mine favorittbloggarPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 24 Apr, 2011 20:19


I dag kom eg over ein veldig fin blogg. Den er ikkje 100 prosent vegetar, men det aller meste du finn på Tea & Cookies er veggis. Namnet på bloggen skulle kanskje tilseie at det er mykje te og kaker der, men akk nei. Tea er kallenamnet til ho som står bak bloggen; Tara Austen Weaver. I tillegg til mange flotte oppskrifter har Tea også reiseskildringar med tilhøyrande restaurant-tips.

Har du lyst på oppdagingstur på ein ny matblogg, sjekk ut: www.teaandcookiesblog.com

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post50

Dagens tips: Tales of a spoon

Mine favorittbloggarPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 19 Mar, 2011 20:31

I jakt på nye og inspirerande veggisbloggar fann eg denne: Tales of a spoon.
Denne bloggen er laga av ei kvinne som heiter Ksenia. Ho er frå Russland men bur i Spania. Bloggen hennar har mange flotte oppskrifter. I tillegg er ho fllink til å blande personlege erfaringar inn i det heile utan at det blir alt for tett på.

www.talesofaspoon.com


  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post48

Dagens tips: Veggie Wedgie

Mine favorittbloggarPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 03 Mar, 2011 15:25



Har du ikkje oppdaga Veggie Wedgie enda, så er det absoulutt verdt ein kikk.
Denne sida har innbydande foto og fristande oppskrifter på smoothies, salatar, supper, snacks, smårettar, brød og søtsaker. Alt er vegan.


http://www.veggie-wedgie.com

  • Comments(2)//veggis.samaraga.com/#post46

Green Kitchen Stories

Mine favorittbloggarPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 13 Feb, 2011 23:06

Det finnast veldig mange gode vegetarmatbloggar der ute på verdsveven. I dag fann eg ein ekstra fin ein, nemleg Green Kitchen Stories. Eg gjev den terningkast seks i estetikk. Fotoa er veldig flotte og oppskriftene ser veldig forlokkande ut. I tillegg har dei mange fine historier om opphavet bak oppskriftene.

Sjekk det ut sjølv på: http://www.greenkitchenstories.com/

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post43