Veggisbloggen

Veggisbloggen

***

Mange skulle ønske dei spiste mindre kjøtt. Andre har lyst til å slutte heilt. Denne veggisbloggen er meint som inspirasjon til deg som lurer på korleis ein kan lage smakfulle og mettande rettar av grønsaker, linser, nøtter, ris, pasta, bønner. Kort sagt all mat som ikkje inneheld noko som tidlegare har breka, rauta, kykkelikya eller grynta. Selamat makan!

Veggisbloggen er medlem av Matbloggsentralen

Du finn også Veggisbloggen på Twitter, Bloglovin og Facebook

Har du spørsmål eller innspel, send e-post til veggisbloggen@gmail.com
Har du lyst til å kjøpe kokeboka "Matmisjonen - ekte mat fra ti bloggere" som Veggisbloggen er med i? Klikk her

Kokebokanbefaling: Kjøttfrie dager

KokebokanbefalingarPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 01 Sep, 2012 18:01

For et par dagar sidan kjøpte eg meg ei splitter ny kokebok, nemleg "Kjøttfrie dager" av Aftenposten-journalist Yngve Ekern og Dagsavisen-journailst Hege Ulstein. Dei kallar boka for ein "vegvisar for travle familiar som vil ete godt og meir miljøvennleg". I to år har dei testa korleis det er å la alle kvardagar vere kjøttfrie. Starten var litt småturbulent, men då dei fekk dreisen på det var konklusjonen klar: Dei har blitt enda meir glad i å lage mat, flinkare til å planlegge, og stressar mindre med innkjøp. Kokeboka inneheld flotte oppskrifter på alt frå veggisburger, wok, supper, pastarettar, salatar og gryterettar. Og sidan det er ei kjøttfri bok og ikkje ei vegetarkokebok, inneheld den også fiskerettar. Eg synest "Kjøttfrie dager" er veldig inspirerande. Tekstane som innleier dei ulike seksjonane er velskrevne gjer nok sitt til at mange som ikkje har laga vegetarmat før, får lyst til å prøve. Det er også kult at dei får fram korleis borna deira på 12 og 17 år har reagert på familien si matomlegging. Den siste delen om kjøtt, klima og miljø er også viktig og informativ. Alt i alt er dette ei flott og folkeleg kokebok både for veggisar og for dei som ønskjer å kutte ned på kjøttforbruket sitt.

  • Comments(2)//veggis.samaraga.com/#post108

London: Kokebøker til inspirasjon

KokebokanbefalingarPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 09 Apr, 2012 20:37
Denne påska har eg tilbrakt i London, ein by med ufatteleg mange valmoglegheiter. Sidan eg er over middels interessert i vegetarmat, via eg ein del av turen til gode matopplevingar og matinspirasjon. Om kort tid vil eg legge ut nokre restaurantanbefalingar frå London, men i første omgang vil eg anbefale kokeboka som eg kjøpte.



Den heiter "Veggiestan" og er kort fortalt ei vegetarkokebok med oppskrifter frå Midtausten. Kvinna bak boka, Sally Butcher, har også laga ein eigen blogg som høyrer til boka, men skal ønskjer du skikkeleg matinspirasjon med mange flotte foto, kule oppskrifter og gode historier frå reisene hennar i Midtausten, så er det boka som gjeld.

Den fine boka fann eg forresten på kokebok-bokhandelen, (ja, det er ein eigen bokhandel med berre kokebøker), like ved Portobello Road (Books for Cooks).

Også Waterstone's har mange vegetarkokebøker, men ønskjer ein litt meir sjarme, så er Books for Cooks absolutt å anbefale.





  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post85