Veggisbloggen

Veggisbloggen

***

Mange skulle ønske dei spiste mindre kjøtt. Andre har lyst til å slutte heilt. Denne veggisbloggen er meint som inspirasjon til deg som lurer på korleis ein kan lage smakfulle og mettande rettar av grønsaker, linser, nøtter, ris, pasta, bønner. Kort sagt all mat som ikkje inneheld noko som tidlegare har breka, rauta, kykkelikya eller grynta. Selamat makan!

Veggisbloggen er medlem av Matbloggsentralen

Du finn også Veggisbloggen på Twitter, Bloglovin og Facebook

Har du spørsmål eller innspel, send e-post til veggisbloggen@gmail.com
Har du lyst til å kjøpe kokeboka "Matmisjonen - ekte mat fra ti bloggere" som Veggisbloggen er med i? Klikk her

Restaurantanbefaling: Mildreds

RestaurantanbefalingarPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 12 Apr, 2012 20:49


Utvalet av reine vegetarrestaurantar i Noreg er heller magert, men på turen til London i påska fekk eg gode moglegheiter til å utforske supre matplassar med berre vegetarmat. Det var min santen ei sann glede, som eg gjerne vil dele med andre. For sannsynlegheita for at lesarar av denne bloggen kjem til å reise på tur til London i løpet av dei neste par åra, anser eg som ganske stor.

Første anbefaling frå turen er restauranten Mildreds.


Restauranten ligg i Soho og opna allereide i 1988. Den har ein flott og variert meny. Sidan vi var der til lunsj og hadde lyst til å teste ut mest mogleg, gjekk vi for grilla artisjokk med sitronaioli, haloumi med spinat og cherrytomatar, samt hummus og babaganoush med brød til. Alt smakte nydeleg. Den økologiske øla (freedom organic beer) kan også anbefalast.

Ellers kan menyen mellom anna tilby srilankisk søt potet og cashewnøtt-curry, burrito, burger, salat, ostekake og heimlaga iskrem.

Stemninga i restauranten var triveleg og ganske uformell, og eg hadde inntrykk av at det var mange faste gjestar innom denne formiddagen.

Vi hadde ikkje bestilt bord på førehand, og måtte vente i om lag ti minutt før det var eit ledig bord.

Mildreds er absolutt verdt eit besøk om ein har lyst på skikkeleg god vegetarmat i London.


Mildreds
45 Lexington Street
info@mildreds.co.uk





  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post86