Veggisbloggen

Veggisbloggen

***

Mange skulle ønske dei spiste mindre kjøtt. Andre har lyst til å slutte heilt. Denne veggisbloggen er meint som inspirasjon til deg som lurer på korleis ein kan lage smakfulle og mettande rettar av grønsaker, linser, nøtter, ris, pasta, bønner. Kort sagt all mat som ikkje inneheld noko som tidlegare har breka, rauta, kykkelikya eller grynta. Selamat makan!

Veggisbloggen er medlem av Matbloggsentralen

Du finn også Veggisbloggen på Twitter, Bloglovin og Facebook

Har du spørsmål eller innspel, send e-post til veggisbloggen@gmail.com
Har du lyst til å kjøpe kokeboka "Matmisjonen - ekte mat fra ti bloggere" som Veggisbloggen er med i? Klikk her

Eple+pære+ananas=sant

DrikkePosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 22 Jul, 2011 14:28
Heimlaga juice er digg. Når eg lagar heimlaga juice slår det meg at eg burde lage det oftare. Juice som du kjøper på butikken inneheld ofte mykje sukker og tilsettingsstoff. Det slepp ein når ein lagar sin eigen juice. I tillegg kan ein velge ingredienskombinasjonane heilt sjølv. Denne juicen er laga av eple, pære og ananas, ein super kombinasjon.



1 pære

1/2 grønt/gult eple

1 lita boks ananas


Hiv alt i blenderen.

Voilà!

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post57