Veggisbloggen

Veggisbloggen

***

Mange skulle ønske dei spiste mindre kjøtt. Andre har lyst til å slutte heilt. Denne veggisbloggen er meint som inspirasjon til deg som lurer på korleis ein kan lage smakfulle og mettande rettar av grønsaker, linser, nøtter, ris, pasta, bønner. Kort sagt all mat som ikkje inneheld noko som tidlegare har breka, rauta, kykkelikya eller grynta. Selamat makan!

Veggisbloggen er medlem av Matbloggsentralen

Du finn også Veggisbloggen på Twitter, Bloglovin og Facebook

Har du spørsmål eller innspel, send e-post til veggisbloggen@gmail.com
Har du lyst til å kjøpe kokeboka "Matmisjonen - ekte mat fra ti bloggere" som Veggisbloggen er med i? Klikk her

Legg ned pelsnæringa!

bloggbloggPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 05 Nov, 2012 19:30

Foto: Nettverk for dyrs frihet

I desember 2002 gjekk eit samla Storting inn for at pelsdyrnæringa skulle få ein frist på ti år til å rydde opp. Klarte de ikkje det, måtte næringa avviklast. No nærmar det seg snart denne tiårsdagen. Og kva har skjedd? Dessverre sørgeleg lite.

For eit par veker sidan viste NRK videoar av vanskjøtte dyr på pelsdyrfarmar rundt om i landet. Dokumentasjonen blei henta inn av Dyrebeskyttelsen Norge og Nettverk for dyrs rettigheter, som i sommar reiste rundt på 24 norske pelsdyrfarmar. Igjen kom det fram at dyr har ubehandla sår, mistar delar av føter og skadar kvarandre i dei små bura. Og igjen kom det bortforklaringar frå næringa om at det berre er snakk om nokre uheldige enkelthendingar, at næringa har skjerpa seg, og at regelverket er stramma inn.

Dei har rett i ein ting, nemleg at regelverket er skjerpa. I fjor vinter blei det innført reglar som gjer at bønder som står bak lovbrot kan nektast pelsdyrhald. Men som NRK har påpeikt, har ikkje Mattilsynet brukt denne bestemmelsen. Då hjelper det lite med eit strengt lovverk.

Stadig flere parti i Noreg går inn for å avvikle pelsdyrnæringa. Politikarame innser at dagens situasjon ikkje er holdbar og at avvikling er den einaste fornuftige løysinga. Det er berre Senterpartiet som verkelig står i bresjen for at denne distriktsnæringa må oppretthaldast.

Med alle avsløringane som har kome, verkar forsvaret av pelsdyrnæringa som ein krampaktig kamp armert med dårlege argument. I Dagsnytt Atten fekk senterparti-mann og landbruksminister Trygve Slagsvold Vedum spørsmål om kvifor det var så viktig å oppretthalde denne næringa. Svaret var først at «dette er en næring med lange tradisjoner». Deretter påpeikte han at Skandinavias pelsoppdrett er mykje betre enn i andre delar av verda. Dette er ikkje gode argument for å oppretthalde ei næring som held rovdyr i bur under lite tilfredstillande forhold.

Statsstøtta til pelsdyrnæringa er i 2012 på 44 millionar kroner. Norsk pelsdyrnæring omfattar cirka 300 pelsfarmar og dei fleste oppdrettarane har det som biinntekt. Bruk heller desse midlane til å skape andre, meir fremtidsretta arbeidsplassar i distriktet som Noreg kan vere stolte av.

10. november vert det arrangert fakkeltog mot pels i både Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger, Ålesund, Bodø og Tromsø. Sjekk ut Facebook-sida for meir info.

Ønskjer du meir info om pelsnæringa i Noreg? Her er linkar til meir info:

Dyrevernalliansen

Dyrebeskyttelsen

NOAH

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post126

Bergen Matfestival

bloggbloggPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 07 Sep, 2012 20:09
I morgon og søndag er det klart for Noreg sin største lokalmatfestival. Den finn du sjølvsagt i Bergen. Her gjeld det berre å hoppe i støvlane og finne vegen til Bryggen!


Bodene er opne frå klokka 10 til 18 på laurdag og frå klokka 10 til 16 på søndag. Eplemost, honning, sveler, økologisk iskrem, ostar, toddy, bakevarer, urter, sopp og flatbrød er berre noko av det du kan finne i dei ulike bodene. I tillegg kan du også ta del i Bergen sin første ølfestival: BØ!

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post110

Veggisbloggen sitt første handlenett

bloggbloggPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 04 Jun, 2012 20:48


I dag henta eg ein kjekk liten pakke på posten. Det er Veggisbloggen sitt første tøynett. Tanken er at eg skal trykke opp fleire slike. Planane er ikkje heilt klare enda, men ein kan vel seie at Veggisbloggen har fått seg ein logo: ein grøn sommarfugl.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post96

Grøn ode

bloggbloggPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 16 Sep, 2011 12:51
Denne bloggposten er inga oppskrift. Det er berre ein hyllest til dei vakre vekstane som vert skapt av jorda, sola, vinden og vatnet. Eg er kanskje over middels interessert i vakre grønsaker, men då eg handla hos Erik Halvorsen sitt grønsaksutsal i bakgården på Hanne på Høyden i går, var det ingen tvil om at fargane og formene måtte visast fram før eg kutta dei i småbitar.

Ein blomkål, eit hokkaidograskar pluss ein grøn vekst som eg ikkje veit namnet på. Ifølge Erik smakar det som ein mellomting mellom blomkål og brokkoli.

Snart kjem det oppskrifter. Men først: Nyt synet av haust.






  • Comments(2)//veggis.samaraga.com/#post63

På tur i bringebærskogen

bloggbloggPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 29 Jul, 2011 13:26
Dette er ikkje ei oppskrift. Det er berre eit lite bærbilde. Ein kan kanskje sei at det er ei oppmoding om at folk bør kome seg ut å plukke bær.


Eg var på bringebærraid i bringebærskogen til svigers for eit par dagar sidan. Sjølvsagt kunne ein ha laga muffins, kaker, smoothie eller anna godt av bringebæra, men vi gjekk for ein enkel og nydeleg variant: Bringebær med litt sukker og ein klatt krem på toppen.


  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post58

Veggis-snakk

bloggbloggPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 07 Nov, 2010 13:19


Til no har veggisbloggen utelukkande vore ein stad der eg testar og postar nye oppskrifter. Tanken bak kategorien bloggblogg er å få fram innspel, spørsmål og diskusjonar om veggisting. Har du tips til rettar eg bør teste, ønske om matrettar med visse ingrediensar du synest eg burde lage, eller tips til gode vegetarsider,
post din kommentar her.


  • Comments(2)//veggis.samaraga.com/#post31