Veggisbloggen

Veggisbloggen

***

Mange skulle ønske dei spiste mindre kjøtt. Andre har lyst til å slutte heilt. Denne veggisbloggen er meint som inspirasjon til deg som lurer på korleis ein kan lage smakfulle og mettande rettar av grønsaker, linser, nøtter, ris, pasta, bønner. Kort sagt all mat som ikkje inneheld noko som tidlegare har breka, rauta, kykkelikya eller grynta. Selamat makan!

Veggisbloggen er medlem av Matbloggsentralen

Du finn også Veggisbloggen på Twitter, Bloglovin og Facebook

Har du spørsmål eller innspel, send e-post til veggisbloggen@gmail.com
Har du lyst til å kjøpe kokeboka "Matmisjonen - ekte mat fra ti bloggere" som Veggisbloggen er med i? Klikk her

Havrekjeks med hasselnøtter, kokos og Firkløversjokolade

Brødbakst og co.Posted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 09 Dec, 2012 16:51
I dag fekk eg lyst til å lage noko godt. Noko som vi kan kose oss med til kaffien i vekene fram mot jul. Valet falt på havrekjeks med sjokoladebitar. Oppskrifta er ei blanding av ulike oppskrifter som eg har googla meg fram til og resultatet vart ypperleg. Smakar også nydeleg til eit glas kald mjølk!





100 gram smør eller Bremykt

200 gram mjøl

1 teskei bakepulver

1 teskei salt

1 teskei kanel

1 teskei kardemomme

200 gram sukker

2 egg

2 spiseskeier vatn

100 gram Firkløversjokolade

50 gram hasselnøtter

100 gram havregryn

2 spiseskeier kokosmasse

* Sett ovnen på 175 grader.

* Smelt smøret i ei gryte på middels varme.

* Rør i grya undervegs.

* Kok smøret litt til slik at det skummar.

* Rør rundt kontinuerlig slik at du ser kva som foregår under skummet.

* Etter ei lita stund vil brune bitar danne seg i smøret og det får ei nøtteaktig lukt.

* Ta smøret av panna når det er brunt, men ikkje brent.

* Hell blandinga i ei skål og la det avkjøle.

* Bland saman mjøl, bakepulver, salt, kanel og kardemomme i ein bolle.

* Bland sukker og smørblandinga i ein annan bolle.

* Visp saman med ein handmiksar i nokre minutt.

* Tillsett egg.

* Bland mjølblandinga inn i egg-, smør- og sukkerblandinga med ei sleiv.

* Tilsett vatnet for å få ei smidig deig.

* Tilsett havregryn, kokos og opphakka sjokolade og nøtter.

* Dekk ei plate med bakepapir.

* Ha deigen i klattar på bakepapiret (ca. to spiseskeier).

* Husk å ha eit godt mellomrom mellom dei sidan dei utvidar seg i ovnen.

* Steik kjeksa i ca. 10 minuttar.

* Ta ut brettet og la kjeksa kvile på brettet i ca. tre minuttar.

* Legg dei forsiktig over på ei rist.

* La dei avkjøle før du et dei.

* Oppbevar resten i ei lufttett boks.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post133

Grove eplemuffins

Brødbakst og co.Posted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 10 Nov, 2012 12:56
Norske epler smakar herleg, og heldigvis er dei framleis i sesong. I dag brukte eg eple i nokre saftige muffins av den grove sorten. Slike grove muffins smakar supert som lunsj i helga eller kanskje som kveldskos på ein mørk og trist kvardag. Kombinasjonen havregryn, peanøttsmør, eple, banan, kanel og rosiner viste seg å vere kjempegod og smakar ypperleg med aprikosmarmelade eller berre godt med smør på toppen.

Til ca. 8 store muffins

1 kopp kveitemjøl

1 kopp sammalt grovt kveitemjøl

1/2 kopp havregryn

2 teskeier bakepulver

3 teskeier kanel

1/ 2 teskei salt

2 små norske epler

1 banan

1/2 kopp blautlagte rosiner

2 egg

1 kopp mjølk

1 teskei peanøtter

1 spiseskei valnøttolje eller anna vegetabilsk olje

* Sett ovnen på 180 grader.

* Kok opp vatn.

* Legg rosinene i det varme vatnet.

* Bland saman mjøl, havregryn, kanel, bakepulver og salt.

* Bland saman mjølk, egg og peanøttsmør i ein anna bolle, visp det saman med gaffel eller miksar.

* Skrell epla og kutt dei i bitar.

* Skjer opp bananen.

* Hell av vatnet frå rosinene.

* Bland eple, banan og rosiner i mjølblandinga.

* Tilsett mjølkeblandinga.

* Ha i oljen.

* Bland saman røra.

* Fordel blandinga i muffinsformer.

* Steik muffinsane i om lag 20-25 minutt, alt etter kor store dei er.

* Prikk gjerne med tannpirkar eller kakepinne for å sjå om dei ei gjennomsteikte.

* La de avkjøle på ei rist.

* Servér med smør og syltetøy.

  • Comments(1)//veggis.samaraga.com/#post127

Scones og te

Brødbakst og co.Posted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 20 Oct, 2012 14:31
Heimbakst er alltid godt. Det luktar godt. Det smakar godt. Det får meg til å smile. I helgane brukar vi av og til å lage scones til frukost. Det tek ikkje meir enn 20 til 25 minuttar å lage dei, og dei smakar supert med eit godt lag smør, litt syltetøy og ein kopp te til.


250 gram kveitemjøl

1 dl vatn

1 dl mjølk

2 ts bakepulver

30 gram smør

1/2 teskei salt

* Sett ovnen på 200 grader.

* Ha mjøl, salt og bakepulver i ein bolle.

* Skjer smøret i terningar og kna det inn i mjølet.

* Ha mjølk og vatn i eit målebeger.

* Ha i nesten all væska i mjølblandinga.

* Bland forsiktig inn.

* Ta i siste skvetten med mjølk og vatn dersom deigen treng det.

(Her er det viktig at du ikkje eltar for mykje for då blir bakverket tungt og hardt.)

* Dryss mjøl på benken.

* Trykk deigen flat med fingrane.

* Ta fram ein kopp og dypp det i mjølposen slik at mjølet sitt fast rundt kanten.

* Stikk ut sirklar med koppen.

* Legg sirklane på ei bakeplate.

* Skjer eit kryss på toppen av sirklane utan å skjere heilt gjennom.

* Pensl sirklane med mjølk.

* La dei steike i ca. ti minuttar eller til dei er gyldne.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post121

Søtt og saftig graskarbrød

Brødbakst og co.Posted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 07 Oct, 2012 18:36
Oktober er definitivt sesongen for graskar. Eg har allereie graskarsuppe og graskarbollar på bloggen, men i dag laga eg eit søtt og saftig graskarbrød. Eigentleg er det litt juks å kalle det brød. Det er meir som ei slags kake. Graskarbrødet smakar nydeleg med eit godt lag til smør på, akkopagnert av eit glas kald mjølk. Herleg kveldsmat om du har lyst til å vere litt usunn, eller super som kaffimat. I denne oppskrifta har eg brukt sylta graskar i ingefærlake, men kokt graskar fungerer sikkert også fint.


2 koppar mjøl

1 kopp sukker

1 teskei bakepulver

1 teskei kanel

1 teskei kardemomme

1/2 teskei salt


2 koppar kokt eller sylta graskar

2 egg

1/2 kopp olje

1/2 kopp vatn

1/2 kopp valnøtter

* Ta av skalet og skjer graskaret i bitar.

* Kok det til det er mørt.

* Bruk eventuelt sylta graskar.

* Sett ovnen på 180 grader.

* Bland saman alt det tørre ei ein bolle.

* Mos graskaret i foodprosessor eller med ein potetmosar (ein slik du lagar potetmos med).

* Bland graskar, egg, olje og vatn i ein annan bolle.

* Hakk nøttene og bland dei inn i graskarblandinga.

* Bland det tørre og det våte forsiktig saman til du får ei deig.

* Smør ei lita brødform.

* Ha deigen i brødforma.

* Steik det i cirka 45 minuttar.¨

* Dekk over med bakepapir dersom der er på veg til å brenne seg.

* Sjekk at brødet er gjennomsteikt.

* Ha det ut av ovnen og ut av brødforma og over på ei rist.

* Servér ferskt med eit godt lag smør på.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post118

Steikje gode svele

Brødbakst og co.Posted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 21 Mar, 2012 22:34

I Noreg har vi nokre bestemte transportmiddel som ein forbinder med visse typar mat. Dette er gjerne mat som ikkje vert laga så ofte heime, men som ein gledar seg til når ein skal ut på tur. Med ein oppvekst på Sunnmøre har eg eit særleg varmt forhold til den sunnmørske fergesvela.

I dag får ein kjøpt svele på ferger langs heile Vestlandet, men ifølge historia starta fergesveletradisjonen på ferga mellom Hareid og Sulesund i 1971. Kvifor kokk Slettestøl i Møre og Romsdal Fylkesbåtar byrja å steke sveler på ferja «Hjørungavåg» er uvisst, men at det slo an er det ingen tvil om.

For meg og mange andre er kaffi og svele med smør og sukker ein obligatorisk del av fergeturen. Å diske opp med sveler i heimen anten det er til festlege lag eller trivelege helgebesøk, er også ein ein veldig god ting.

Ingrediensar:

5 egg

1,5 kopp sukker

1 liter kveitemjøl

1 liter kulturmjølk

1 toppet teskjei natron

1 toppa teskjei hjortesalt

75 gram margarin

* Rør saman egg og sukker.

* Rør inn kulturmelk.

* Bland inn det tørre litt etter litt.

* Rør til ei jevn røre.

* La røra stå ein halvtime i kjøleskapet.

* Steik svelene i ei takke eller ei stekepanne med litt smelta margarin.

* Serverast med smør og brunost eller ei blanding av smør og sukker.

* På ekte fergevis skal svela brettast på midten med «pålegget» inni.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post82

Rundstykker med cottage cheese og sesamfrø

Brødbakst og co.Posted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 19 Dec, 2011 19:58

Heimlaga rundstykker smakar nydeleg. Særleg når dei er heilt ferske. Godt med smør, ost og kanskje ein klatt heimlaga appelsinmarmelade, så er kvelden redda.

Ingrediensar:

7 ½ dl skumma kulturmjølk

50 g gjær

2 gulrøtter

snaut 1 ½ kg kveitemjøl

75 g smør

3 ss honning

3 dl cottage cheese

1 ts salt

sesamfrø

Slik gjer du:

Steikast på 225 grader i 12-15 minutt.

Deigen skal forheve i cirka 40 minutt og etterhevast i cirka 20 minutt.

Kle to steikebrett med bakepapir.

Varm mjølka til den er fingervarm og løys opp gjæren i den.

Rasp gulrøttene på den finaste sida av rivjernet.

Bland alle ingrediensane og elt i 5 minutt.

Hev deigen på ein lun stad til dobbel storleik.

Hvelv deigen på eit melete bakebord og del den i 32 emner.

Rull dem ut til bollar. Pensle bollane med vatn og rull dei i sesamfrø.

Etterhev rundstykka under eit reint kjøkkenhandkle.

Steik rundstykka midt i omnen.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post73

Frukostblåbærmuffins

Brødbakst og co.Posted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 23 Aug, 2011 21:55
Eg er ikkje ein muffinsperson. Eg kjenner nokon som elskar muffin og brukar kvar anledning til å diske opp med muffinskaloribomber frå ei anna verd. Slik er ikkje eg. Men eg synest samtidig at muffins er ein bra ting. Denne blåbærmuffinsoppskrifta er ikkje ein typisk dessertmuffins. Det er det ein på godt engelsk kallar "healthy muffin". Et den med ost på til frukost eller til kveldsmat med smør og ein god kopp te. Velbekomme!

1 egg
1 kopp mjølk
3 spiseskei honning
1 kopp solfrokost
1 kopp havregryn
2 koppar kveitemjøl
3 teskeier bakepulver
1/2 teskei salt
1 teskei kanel
1 spiseskei kakao
4 spiseskei olje
2 koppar frosne blåbær
1 kopp valnøtter

* Sett ovnen på 220 grader.
* Bland saman egg, mjølk, mjøl, havregryn og solfrokost. La dette stå i 15 minutt.
* Bland saman resten av dei andre tørre ingrediensane i ein annan bolle.
* Bland det tørre i resten.
* Ha i blåbær og opphakka valnøtter.
* Rør godt.
* Putt deigen i muffinsformer.
* Steik i ovnen i om lag 20 minutt.


  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post61

Bruschetta

Brødbakst og co.Posted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 21 Jul, 2011 15:37

Etter to veker i Italia er eg tilbake til eit skoddefullt og regntungt sommarnoreg. Blant rettane eg verkeleg fekk sansen for på turen, var den enkle men veldig gode klassikaren; bruschetta.

På ein restaurant i byen Lucca i Toscana hadde dei mange ulike variantar av denne småretten; mellom anna tomat, tomat og mozarella eller ansjos og mozarella. Under følger ein enkel beskrivelse av den enklaste: Den med tomaten i hovudsetet.


olivenolje av god kvalitet
landbrød
kvitlauk
fersk basilikum
tomatar (allerhelst økologiske)
salt
pepar

* Skjer opp brødskivene.
* Pensle brødskivene med olje og steik dei i ovnen i ca. 3-5 minutt i ovnen på 250 grader.
* Skjer opp tomat, basilikum og kvitlauk. Fjern det blaute frå tomaten.
* Bland saman tomat, kvitlauk, basilikum, salt og pepar i ein liten bolle.
* Fordel blandinga utover brødskivene.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post56

Foccacia med svarte oliven

Brødbakst og co.Posted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 01 Jul, 2011 10:33

Eg er snart på veg til Italia. Der blir det nok plenty med både pizza, pasta og foccacia. Men eg tjuvstartar litt med denne oppskrifta. Herlege brød som smakar allerbest i det sekundet dei kjem ut frå ovnen!


Ingrediensar:
1 kg mjøl
20 gram salt
1 pakke fersk gjær
1 liter lunkent vatn
olivenolje
2 spiseskeier grovt havsalt
1 lite glass svarte oliven


* Bland gjæren i lunkent vatn.
* Ha i salt og mjøl.
* Rør sammen til ein klissete deig.
* Dekk bollen med plast.
* La den heve i 30 minutt.
* Hakk opp oliven i små bitar.
* Tøm deigen over i langpanne og fordel jevnt utover.
* Tøm forsiktig over litt olivenolje over heile deigen og strø til slutt over cirka 2 spiseskeier grovt havsalt.
* Strø over oliven.
* Sett røra direkte inn i varm ovn på 250 grader og steik i cirka 25 minutt til overflata er gyllen.
* Skjær foccaciaen i passe store bitar og servér.

  • Comments(3)//veggis.samaraga.com/#post55

Heimlaga frukostblanding

Brødbakst og co.Posted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 22 May, 2011 18:00
Frukostblandingane ein kjøper på butikken inneheld ofte store mengder sukker. Lagar ein frukostblandinga sjølv har ein kontroll på sukkerinnhaldet + at ein kan velje akkurat kva ein vil ha i den sjølv: Perfekt!


2 koppar havregryn
1 kopp kruskakli
1 kopp sesamfrø
1 kopp mandlar
1 kopp hasselnøtter
1 teskei kanel
1 spiseskei kokosmasse
2 spiseskeier honning
1 spiseskei olje
1/2 kopp rosiner
1/2 kopp tørka aprikos

* Sett ovnen på 150 grader.
* Rør saman havregryn, kruskakli, sesamfrø, kane og kokosmasse i ein bolle.
* Rist mandlar og hasselnøtter i ei tørr panne i eit par minuttar.
* Ha honning og olje i ei panne på middels varme.
* Ha i alle ingrediensane minus rosiner og aprikos.
* Rør ingrediensane saman på middels varme i fem minutt.
* Fordel blandinga utover eit bakepapir på eit brett.
* Rist granolaen i 30 minutt.
* Rør ofte så blandinga ikkje blir brent.
* Avkjøl blandinga.
* Kutt opp rosiner og aprikosar.
* Bland saman med resten.
* Servér gjerne med yoghurt naturell.



  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post51

Valnøttbrød med gulrøter

Brødbakst og co.Posted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 15 Jan, 2011 17:10
Denne oppskrifta har eg funne i "Den store vegetarkokeboken". Det er eit saftig og velsmakande brød som egnar seg til alt pålegg som ikkje er alt for søtt. Nybakt brød med ost smakar nydelig!

3 dl lunkent vatn
1 egg
1 spiseskei olivenolje
50 gram hakka valnøtter
75 gram ost (gjerne cheddarost, men vanleg kvitost går også bra)
100 gram revne gulrøter
1 teskei salt
1 pakke gjær
ca. 350 gram kveitemjøl

* Forvarm steikeovnen på 200 grader.
* Bland gjær ut i lunkent vatn.
* Tilsett resten av ingrediensane. Mjøl til sist.
* Spar litt av egget.
* Elt deigen i fem minutt.
* Dekk deigen med plast samt eit kjøkkenhandkle.
* Sett deigen til heving på ein lun stad i ein time.
* Elt deigen og form den til eit brød.
* Legg brødet i ei smurt form.
* Dekk med plast og sett til etterheving i ca. 30 minutt.
* Pensle med resten av egget.
* Steik brødet på nederste rille i steikeovnen, 45 minutt til 1 time.
* Avkjøl brødet på rist.


  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post39

Lise sine heimlaga knekkisar

Brødbakst og co.Posted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 07 Nov, 2010 12:53
Mi kjære vennine Lise kom med denne knekkebrødoppskrifta til meg. Eg har prøvd andre knekkebrødoppskrifter før, men denne er så langt den beste. Dei er farlig gode og passar ekstremt godt til ost. Ifølge Lise passar dei også godt til kvitvin!



Bland saman:
1 dl sesamfrø
1 dl solsikkefrø
1 dl linfrø
1 dl rista graskarkjerner
1 dl kruskakli

Tilsett:
2 dl kveitemjøl
1 ts bakepulver
1 ts god havsalt

Bland godt saman og tilsett:

1,25 dl vegetabilsk olje
ca. 2 dl vatn

Røra skal ikkje vere for flytande. Fordel den på to steikebrett med bakepapir. Bre det mest mogleg "knekkebrødtynt" utover brettet ved hjelp av handbakane og eit ekstra bakepapir. Fjern bakepapiret over og steik kvart brett i 10-12 minutt på 200 grader midt i ovnen. Del opp kvart brett i omlag 16 bitar med ein gong du tek ut brettet. (Bruk gjerne pizzaskjerar) Oppbevar knekkebrøda i boks med lokk.

  • Comments(3)//veggis.samaraga.com/#post30