Veggisbloggen

Veggisbloggen

***

Mange skulle ønske dei spiste mindre kjøtt. Andre har lyst til å slutte heilt. Denne veggisbloggen er meint som inspirasjon til deg som lurer på korleis ein kan lage smakfulle og mettande rettar av grønsaker, linser, nøtter, ris, pasta, bønner. Kort sagt all mat som ikkje inneheld noko som tidlegare har breka, rauta, kykkelikya eller grynta. Selamat makan!

Veggisbloggen er medlem av Matbloggsentralen

Du finn også Veggisbloggen på Twitter, Bloglovin og Facebook

Har du spørsmål eller innspel, send e-post til veggisbloggen@gmail.com
Har du lyst til å kjøpe kokeboka "Matmisjonen - ekte mat fra ti bloggere" som Veggisbloggen er med i? Klikk her

Linsecurry med kokosmjølk

IndiskPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 01 Nov, 2012 10:10

I dag er det verdas vegandag! Eg feirar det med ein av mine favorittveganmiddagar:-)


1 lauk

2 fedd kvitlauk

5 cm ingefær

1 teskei koriander

1 teskei spisskummen

1 teskei gurkemeie

1 teskei salt

1 liten chili med frø.

1 aubergine

1 1/2 kopp raude linser

olje

ei boks kokosmjølk


* Legg linsene i ein bolle med vatn minst tre timar før du skal lage middag.

* Skjer opp lauk, kvitlauk, chili og ingefær.

* Surr det i panna med litt olje.

* Tilsett krydder.

* Skjer opp auberginen. Strø på litt salt.

* La auberginebitane stå i 10 minutt.

* Tørk så av veska som kjem ut.

* Tilsett aubergine, kokosmjølk og linser i panna.

* La det putre i 15 minutt. Tilsett to glas vatn og rør godt.

* Servér med ris.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post124

Aloo gobi - ein indisk klassikar

IndiskPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 12 Mar, 2012 17:16


Eg er veldig glad i indisk mat. Både fordi det har mykje smak og fordi det er eit kjøken med veldig mange gode alternativ for vegetarianarar. I dag prøvde eg ein av dei verkelege klassikarane i indisk matlaging, nemleg aloo gobi. Direkte omsett tyder det "potet blomkål", og det er også dei to hovudingrediensane i retten. Sidan det er mykje poteter i retten kan ein velje å spise den for seg sjølv, eller ein kan servere med ris eller chapati til.


Ingrediensar:
1 lauk
4 poteter
1 raud chili
1/2 blomkål
1 ts chilipulver
1 ts garam masala
1 ts sennepsfrø
1/2 boks hakka tomatar
4 spiseskeier olje
1 ts lime
1 ts sukker
1/2 kopp vatn.


Slik gjer du:
* Hakk opp lauken i små bitar.
* Skrell potetene og skjer dei ganske smått.
* Skjer opp blomkålen.
* Varm litt olje i ei stor panne.
* La lauken surre i eit par minuttar på middels sterk varme.
* Tilsett kryddera og la det steike i eit par minuttar.
* Tilsett poteter, blomkål, tomatar, lime, sukker, vatn og resten av oljen.
* La det putre i gryte med lokk i ca. 25 minutt eller til potetene er møre.
* Smak til med salt.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post81

Samosa

IndiskPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 14 Aug, 2011 12:19
For eit par dagar sidan satt eg heime og såg ut vindauget i leiligheita mi. Eg satt og tenke for meg sjølv og med eitt kom eit til å tenke på indiske togturar.

Dei klamme seta i lyseblå
lærimitasjon. Dei klirrande bangelsane til sarikledde kvinner. Den søte smaken av varm chai. Og den gode krydderlukta av nysteikte samosa.

Det var då eg fann ut at det var på tide å gjenskape litt av togturen i min bergenske heim: Eg lagde samosa.



Det finnast mange variantar av denne klassikaren, men eg trur den mest vanlege er med poteter og erter.



Ingrediensar:
filodeig eller springroll pastry
4 store poteter
300 gram frosne grøne erter
1 lauk
2 spiseskeier olje
1 teskei spisskummen
1 stykker ingefær
1 grøn chili, utan frø
1/2 teskei chilipulver
1 teskei garam masala
1 teskei salt
ferske korianderblad
olje til steiking


* Skrell potetene. Kok dei til dei er akkurat møre.
* Skjer potetene i bitar.
* Varm 2 spiseskeier olje i ei panne.
* Tilsett krydder, erter og ingefær.
* Rør inn potetene.
* Setta panna vekk frå plata og la innhaldet avkjølast i 15 minutt.
* Bland inn fersk koriander.
* Bland saman to spiseskeier med vatn og ei spiseskei mjøl.
* Sett til side.
* Ta fram deigen og form halvsirklar.



* Smør høgredelen av nederste kant med vatn- og mjøblandinga.
* Brett over mot høgre som vist på fotoet.




* Smør mjølblandinga på venstredelen av nederste kant.
* Brett over mot venstre som vist på fotoet slik at halvmånen dannar ei kjegle.


* Fyll kjegla med potetfyllet.
* Smør mjølblandinga på kanten og lukk samosaen.
* Sørg for at alle hol er tetta.




* Varm opp olje på middels høg varm i ei djup panne.
* Sjekk at olje er varm nok ved å ha ein liten deigklump i oljen. Oljen har passande temperatur dersom olje freser og deigen kjem langsomt opp til overflata.
* Legg samosaen i oljen.
* Snu samosane når den flyt opp til overflata.
* La dei steike til dei vert gyldenbrune.
* Legg dei ferdige samosaene i ei skål med kjøkkenpapir under slik at den overflødige oljen vert trekt ut.
* Samosa passar godt saman med mangochutney, mintsaus eller sweet chili-saus.

  • Comments(1)//veggis.samaraga.com/#post60

Mungkarri med poteter og sopp

IndiskPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 12 Jun, 2011 19:07


Eg har eit prosjekt om å test ut alle slags bønner og linser. No var turen komen til mungbønnene. Dei er grøne og små og viste seg å smake veldig godt.


3 fedd kvitlauk
3 stykk sjalottlauk
2 tomatar
4 store sopp
1 teskei spisskummen
1 teskei koriander
1 teskei gurkemeie
1 teskei chili
1 teskei salt

4 poteter
2 dl mungbønner
1 buljongterning
4 dl vatn
4 spiseskeier rømme


* Legg mungbønnene i blaut i minst fire timar før du skal lage maten.
* Kok bønnene i ca. 15 minutt eller til dei er møre.
* Skrell potetene og skjer dei i små bitar.
* Kok dei til dei blir møre.
* Varm litt olje i ei panne.
* Steik lauk og kvitlauk i panna.
* Tilsett krydder og opphakka tomatar og sopp.
* Bland inn potetene og bønnene.
* Ha i litt og litt vatn, samt buljongterningen.
* Rør om av og til.
* La det putre i 15 minutt.
* Bland inn ei spiseskei rømme i kvar porsjon.
* Servér med ris eller pitabrød.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post53

It's the black eyed peas

IndiskPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 28 Nov, 2010 18:32
Black eyed peas er som kjent namnet på eit band, men det er også namnet på ei type ert. I mitt prosjekt om å teste ut alle typar linser, erter og bønner er turen no kome til desse småtassane. Oppskrifta er ein kombinasjon av ulike oppskrifter eg fann på nettet: Resultatet vart veldig smakfullt!


1 raud lauk
3 fedd kvitlauk
olje
3 tomatar
5 cm ingefær
1 teskei garam masala
1 teskei gurkemeie
1 teskei chilipulver
1 kopp vatn
2 koppar svartaugde erter
1 boks kokosmjølk
salt

ris

* Legg ertene i blaut over natta og kok dei i 30 minutt. Har du ikkje lagt dei i blaut over natta, går det fint å legge dei i blaut i lunka vatn i to timar.
* Kutt opp lauk, kvitlauk og ingefær.
* Surr det i ei steikepanne i ca. 5 minutt.
* Kutt opp tomatane og tilsett dei.
* La det putre i nokre minutt til.
* Tilsett vatn, krydder, erter og kokosmjølk.
* La det putre i 30 minutt.
* Servér med ris til.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post33

Fylt squash og paprika

IndiskPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 26 Sep, 2010 20:10
Sjølv om dette ikkje er ein klassisk indisk rett, gjer kryddera og linsene at det smakar typisk indisk. Squashen og paprikaen gjer på si side at dette er ein samansett, smakfull og næringsrik veganrett.




2 koppar raude linser
1 lauk
3 fedd kvitlauk
2 teskeier spisskummern
2 teskeier chili
2 teskeier koriander
2 teskeier timian
salt
1 squash
1 paprika
1 kopp griljermjøl
olje
ris

* Legg linsene i blaut i tre timar.
* Sett ovnen på 180 grader
* Skyll linsene og la dei koke i 15 minutt.
* Skjer opp lauk og kvitlauk.
* Tilsett dette i gryta + kryddera.
* La det putre i ti minutt.
* Skjer sqaush og paprika i to.
* Skjer ut litt av fyllet på squashen og ha det i linseblandinga.
* Ha på litt olje på squashen.
* Fyll squash og paprika med fyllet.
* Strø over griljermjøl.
* Ha det resterande fyllet i ei form og strø over griljermjøl der også.
* La det stå i ovnen i 30 minutt.
* Server med nykokt ris.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post25

Raude linser med grønt følge

IndiskPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 02 May, 2010 22:05
3 koppar raude linser
2 gulrøter
2 stilkar stangselleri
1 stor lauk
2 fedd kvitløk
2 koppar grønsaksbuljong
6 teskeier spisskummenkrydder
2 spiseskeier olivenolje
2 bokser hakka tomatar
salt og pepar

Legg dei raude linsene i blaut i minst tre timar, gjerne lenger.

* Kutt opp grønsakene.
* Steik dei i ei panne med olje.
* Tilsett resten av ingrediensane.
* La det putre i 25 minutt.
* Blir stuingen stampete, tilsett litt meir vatn.
* Servér med ris.

P.S: Spisskummen heiter cumin på engelsk. Bor du i Bergen finn du det på butikken Eksotisk torg ved Vektertorget :-)

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post4