Veggisbloggen

Veggisbloggen

***

Mange skulle ønske dei spiste mindre kjøtt. Andre har lyst til å slutte heilt. Denne veggisbloggen er meint som inspirasjon til deg som lurer på korleis ein kan lage smakfulle og mettande rettar av grønsaker, linser, nøtter, ris, pasta, bønner. Kort sagt all mat som ikkje inneheld noko som tidlegare har breka, rauta, kykkelikya eller grynta. Selamat makan!

Veggisbloggen er medlem av Matbloggsentralen

Du finn også Veggisbloggen på Twitter, Bloglovin og Facebook

Har du spørsmål eller innspel, send e-post til veggisbloggen@gmail.com
Har du lyst til å kjøpe kokeboka "Matmisjonen - ekte mat fra ti bloggere" som Veggisbloggen er med i? Klikk her

Grilla snadder med tomatraita

OvnsrettarPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 08 May, 2012 19:04
Har du lyst på ein innbydande middag med mange fine fargar? Då er grilla snadder eit godt val. Sitronen og oljen gjer at dei grilla grønsakene får ein veldig saftig og god konsistens. Grønsakene passar også veldig godt på ein diger sandwich med aioli til.

Til to personar

3 gulrøter
2 squash
1 raud lauk
4 poteter
2 paprika

1 spiseskei rosmarin
1/2 sitron
3 spiseskeier olivenolje
Ris (bruk gjerne villris)

Tomatraita:
3 dl yoghurt naturell eller soyayoghurt
2 tomatar
1 teskei koriander
salt og pepar



* Kok opp ris.

* Sett ovnen på 250 grader.
* Skrell og kutt opp grønsakene. Putt dei i ein bolle.
* Dryss over salt, pepar, rosmarin, sitron og olivenolje.
* Bland saman.
* Legg grønsakene utover ei bakeplate som du har dekt med bakepapir.
* La grønsakene vere i ovnen i 20 minutt.
* Ta dei ut og bland rundt.
* Sett brettet tilbake i ovnen og la det stå i ca. 20 minutt til.

* Hakk opp tomatane.
* Rør dei inn i yoghurten.

  • Comments(2)//veggis.samaraga.com/#post93

Linse- og soppmoussaka

OvnsrettarPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 28 Apr, 2012 17:41
Denne oppskrifta har vore på bloggen ei stund, men endeleg har eg fått tatt eit bilde av middagen også. Retten er henta frå Rosie Percival og Ruth Freidlander si vegetarkokebok "Marta goes green". Moussakaen tek litt tid å lage, men smakar aldeles nydeleg!

3 auberginar

salt

3 spiseskeier olivenojle

1 lauk

2 fedd kvitlauk

1 teskei kanel

1 teskei oregano

8 sopp

1 tomat på boks

400 gram oransje linser

2 teskeier tomatpuré

1 kopp grønsaksbuljong

Kvit saus:

2 spiseskeier smør/margarin

3 spiseskeier mjøl

1 1/2 kopp mjølk

1 kopp parmesan eller anna kvitost

1 egg

salt

pepar

2 spiseskeier brødsmular eller griljermjøl

* Varm ovnen til 180 grader.

* Skrell av "skalet" og skjær auberginane opp i tynne skiver.

* Legg auberginskivene på eit steikebrett med bakepapir.

* Strø salt på begge sider og la dei ligge i 20 minutt.

* Saltet vil trekke det bitre ut av auberginen.

* Tørk av veska som kjem ut med kjøkkenpapir.

* Pensl auberginen med olje og sett det i ovnen til det blir gyllent.

* Kutt opp lauk, kvitlauk og sopp.

* Varm opp ei steikepanne med litt olje.

* Fres lauk, kvitlauk og sopp i fem minutt.

* Tilsett kanel, oregano, tomatar og linser.

* Bland saman

* Tilsett tomatpuré og grønsaksbuljong.

* Sett ned varmen og la det putre i 15 til 20 minutt.

* Smelt smør i ei kasserolle.

* Tilsett mjøl og bland saman.

* Lett i mjølka sakte og bland.

* Kok opp og rør rundt.

* Ta vekk frå varmen og rør inn ost, egg, salt og pepar.

* Strø brødsmular i ei ilfast form som du har smurt.

* Legg halvparten av auberginane i.

* Legg halvparten av linsesause opp på.

* Gjer det same igjen.

* Hell til sist over den kvite sausen.

* Strø over brødsmular på toppen.

* Sett retten i ovenen og la den stå i 30-40 minutt.

* Servér gjerne med litt tomat og salat til.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post91

Spinatcanneloni med fetaost

OvnsrettarPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 06 Mar, 2012 17:56

Egentlig skulle vi ha spinatpai i dag, men så fekk eg eit innfall om å lage noko nytt. Eg hadde eit svakt minne om å ha spist spinatcanneloni ein gong og synest å hugse at det smakte veldig godt. Eg leita difor etter oppskrifter på verdsveven. Fann gode alternativ, men oppdaga at vi verken hadde ricotta, mozzarella eller vanleg kvitost i kjøleskapet. Difor prøvde eg med fetaost i staden. Resultatet vart supert og fekk mykje skryt frå husbonden. Dette skal vi definitivt ha til middag igjen snart!

Ingrediensar:

1 lauk

1 stor pakke fersk spinat

1 økologisk egg

4 spiseskeier fetaost

litt parmesan

2 spiseskeier solsikkeolje

4 dl heilmjølk

50 gram plantemargarin

3 spiseskeier kveitemjøl

salt

pepar

1 teskei muskat

8 lasagneplater

Slik gjer du:

* Forvell spinaten i ei stor gryte (utan vatn) slik at den fell saman.

* Kok opp vatn og tilsett ei spiseskei solsikkeplje.

* Tilsett lasagneplatene og la dei koke til dei blir nesten ferdig kokte.

* Smelt margarin i ei panne.

* Tilsett kveitemjøl medan du rører.

* Rør inn mjølka litt og litt.

* La sausen koke i fem minuttar og tilsett muskat, salt og pepar.

* Finn fram ei eldfast form.

* Pensl den med litt solsikkeolje.

* Klipp lasagneplatene i to.

* Bland saman spinat, egg, lauk og fetaost i ein bolle.

* Legg ei lita stripe med fyll i kvar lasagneplate og rull saman.

* La bretten ligge nedover.

* Når du er ferdig å rulle alle pastaplatene, hell over sausen og strø på litt parmesan på toppen.

* La retten steike i ovnen i 15 minuttar på 200 grader.

* Servér med salat til.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post80

Carpe diem-favoritten

OvnsrettarPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 01 Mar, 2012 19:11

Då eg var på feltarbeid i McLeod Ganj, India i 2008, hadde vi ein stamkafé. Den heiter Carpe Diem og har den beste vegetariske enchiladaen eg veit om. Etter litt prøving og feiling har eg komt fram til ei oppskrift som minner meg veldig om den dei hadde.


1 lauk

2 fedd kvitlauk

cayennepepper

10 sopp

1 teskei chilipulver

1 teskei spisskummenkrydder

1 boks raude bønner

1 boks hakka tomatar

1 paprika

olivenolje

6 tortillalefser

2 koppar ost

* Sett ovnen på 200 grader.

* Skjer opp grønsaken og steik dei i ei panne med olje.
* Tilsett bønner, tomatar og krydder.
* Finn fram ei ildfast form.
* Legg lefsene side om side som robåtar.
* Fyll dei fyllet.
* Rull dei sammen og strø over ost.
* La dei stå i ovnen til dei blir gylne (ca. 30 minutt)

* Sevér med salat og rømme.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post79

Gratinert aubergine med mozzarella og kvitlauk

OvnsrettarPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 26 Feb, 2012 17:52

Aubergine er ei altfor lite brukt grønsak i Norge. Mitt inntrykk er at dette skuldast manglande kunnskap om kva den faktisk kan brukast til. Eg har blitt veldig glad i aubergine etter å ha spist linsemoussakaen som også er å finne på bloggen her, men i dag prøvde eg ut ein ny variant: Gratinert aubergine med mozzarella og kvitlauk. Saman med steikt sopp, salat og godt brød, blir det ein super middag. Eit anna alternativ er sjølvsagt å lage det som ein lekker lunsj eller ein lun kveldsrett.




2 auberginar
2 fedd kvitlauk
100 gram rista brødsmular
4 spiseskeier olivenolje
250 gram mozzarella

1 neve fersk persille
1 neve fersk basilikum
salt
pepar



* Sett ovnen på 200 grader.
* Skjer auberginane i to.
* Kutt djupe rifter i auberginen utan å skjere i skalet.
* Kutt opp kvitlauken i små bitar.
* Klipp persillen i små bitar.
* Bland saman kvitlauk, persille, brødsmular og halvparten av olivenoljen.
* Smør blandinga over auberginane.
* Hell over resten av olivenoljen.
* Ha auberginane i ovnen til dei er gyldne.
* Skjer opp mozzarellaen i tynne skiver.
* Legg osten på auberginanen og ha dei i ovnen til osten har smelta.
* Strø over basilikum.




  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post78

Vegetarlasagne

OvnsrettarPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 12 Feb, 2012 19:44

Vegetarlasagne er ein av mine absolutte favorittar. Det smakar rett og slett supergodt. Ein ekstra bonus er at det egnar seg godt som gjestemat. Dersom ein ikkje får gjestar kan ein spise den to dagar på rad. Og faktisk smakar den nesten enda betre på dag to, når smakane har blanda seg skikkeleg godt saman.

Når det gjeld grønsakene som er i denne lasagnen, er det gode moglegheiter for variasjon. Purre, stangselleri og lauk smakar også godt i lasagnen. Ein salat og gjerne godt brød med smør på, høyrer også med.



Ingrediensar:
Grønsakssausen
4 kvastar vårlauk
2 fedd kvitlauk
1 liten brokkoli
2 gulrøter
6 sopp
1 boks hakka tomatar
1 spiseskei oregano
salt
pepar

6 lasagneplater

Ostesausen

3 spiseskeier plantemargarin
3 spiseskeier kveitemjøl
5 dl økologisk mjølk
1 kopp kvitost

+ ost til å dekke toppen.

* Skjer opp grønsakene.
* Steik vårlauk og kvitlauk med litt olje i ei steikepanne.
* Tilsett brokkolig, sopp og gulrøter.
* La det steike i fem minuttar på middels varme.
* Tilsett tomatar og krydder.
* La det putre i fem minuttar til.

* Ha margarin i ein middels stor kjele.
* La det smelte.
* Tilsett kveitemjøl litt og litt.
* Rør godt.
* Tilsett mjølk litt og litt medan du rører.
* Pass på at det ikkje brenn fast i botnen.
* Når det startar å koke, sett ned varmen og tilsett osten.
* La det koke på svak varme i fem minutt medan du rører.

* Finn fram ei ildfast form.
* Hell halvparten av grønsakssausen i forma.
* Hell så ein tredjedel av ostesausen over dette.
* Bland saman med ei sleiv.
* Legg på lasagneplater slik at det dekker flata.
* Gjenta same prosedyre ein gong til.
* Hell siste rest av ostsausen over lasagnelag nummer to.
* Legg osteskiver på toppen.

* Steik lasagnen i oven på 200 grader i 30 minutt.
* Skru ned varmen til 150 grader dersom du ser at osten har fått nok.
* Servér med salat og brød til.




  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post76

Rotgrønsaksgrateng

OvnsrettarPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 02 Oct, 2010 19:18

Denne middagsretten er veldig mettande og god. Fersk peparrot gir retten ein fresh smak. Muskat er også ein spennande og veldig bra ingrediens i denne gratengen.


2 gulrøter
1 kålrot
4 poteter
1 hokaidograskar
2 pepperrøter
ei boks kidneybønner
olje

4 dl mjølk
3 spiseskeier mjøl
3 spiseskeier smør
2 spiseskeier rømme
salt
pepar
persille
1 teskei muskat
200 gram ost
2 koppar griljermjøl eller brødsmular


* Skjer grønsakene opp i bitar.
* Sett ovnen på 180 grader.
* Steik grønsakene i ei panne med olje.
* Steik dei på middels varme i 10 minutt.
* Rør godt.

* Lag kvit saus og tilsett ei raspa pepperrot samt rømme i sausen.
* Ha grønsakene i ei ildfast form.
* Tilsett bønnene.
* Hell over sausen.
* Rasp opp osten og bland det saman med griljermjølet.
* Strø det på toppen.
* La gratengen vere i ovnen i ca. 35 minutt.
* Servér med ein god salat.

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post26

Grateng med grøn salat og poteter i indisk stil

OvnsrettarPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 03 Sep, 2010 22:30
Denne oppskrifta er eit skikkelig godt helgemåltid beståande av tre ting. Grønsaksgrateng, steikte krydra poteter og grøn salat. Ein veldig god kombinasjon og eit supert måltid.

Gratengen:
3 mellomstore gulrøter
3 brokkolikvastar
1 lauk
4 egg
50 gram brie
50 gram kvitost
1 teskei salt
pepar
oregano
olivenolje


* Forvarm ovnen til 180 grader.
* Skrell grønsakene.
* Rasp opp gulrøter og kutt op brokkoli og lauk.
* Smør ei form (gjerne brødform) med olje.
* Ha i egg,salt og brie og bland saman.
* Ha blandinga i forma.
* Høvl opp osteskiver og legg dei på toppen.
* Strø på oregano.
* La gratengen steike i 50 minutt, blir den brent på toppen, skru ned varmen.

Potetene:
6 middels store poteter
1 raudlauk
2 teskeier koriander
1 teskei gurkemeie
1 teskei spisskummen
1 teskei kanel
1 teskei chilipulver
1 teskei tandooripulver
3 fedd kvitlauk
3 spiseskeier olivenolje
1 boks hakka tomatar
1 neve peanøtter



* Skrell potetene og skjer dei i bitar.
* Kok dei i vatn til dei blir akkurat møre.
* Sil av vatnet og sett til sides.
* Ta fram ei wokpanne og sett på lav varme.
* Ha alle kryddera i panna og bland saman.
* La det varmast opp i tre minutt.
* Tilsett olivenolje og opphakka kvitlauk.
* La de steike i tre minutt til.
* Tilsett lauk og hakka tomatar.
* La det steike i åtte minutt.
* Tilsett poteter og opphakka peanøtter.
* La det putre i 10 minutt.
* Rør av og til.

Servér gratengen og potetene saman med ein enkel salat beståande av valgfri salat og tomatar. Bland gjerne i 2 spiseskeier olivenolje og 1spiseskei balsamicoedikk som dressing. God middag!

  • Comments(0)//veggis.samaraga.com/#post22

PastaBasta

OvnsrettarPosted by Mari-Louise Uldbæk Stephan 02 May, 2010 21:19

Til fire personar


350 gram pasta (penne)

Fyllet:
1 lauk
1 squash
1 gulrot
1 paprika
10 stk. sopp
3 kvastar stangselleri
2 fedd kvitlauk
1 raud chili
olje


Tomatsausen:
1 boks hakka tomatar
1 fedd kvitlauk
1 lauk
basilikum, persillekrydder, salt og pepar

3 koppar ost


------------------------------------------

* Sett ovnen til 200 grader.
* Kok pastaen til den er ferdig.

* Kutt opp alle grønsakene i bitar.
* Varm olje i ei steikepanne.
* Ha alle grønsakene i panna.
* Når grønsakene er steikt og pastaen kokt, legg du det i ei ildfast form.

* Varm opp olje på nytt.
* Kutt opp lauk og kvitlauk.
* Fres det i panna.
* Tilsett tomatane og la det putre i 5-10 minutt.

* Hell sausen over pastaen og grønsaksfyllet.
* Riv osten og strø den på toppen.
* Strø så persillekrydder på toppen.

* La retten stå i ovnen i 20-25 minutt.
* Servér med en klatt rømme på toppen.

  • Comments(1)//veggis.samaraga.com/#post0